Hopp til innhold

Fryktar for liten skule på Lade

Trondheim kommune burde ha lært av byggeprosessen ved Ranheim skule, meiner leiar av foreldreutvalet ved Lade skule, Marit Barstad. Utvalet tykkjer Trondheim kommune nok ein gong byggjer ein skule som ikkje er stor nok.

Lade skole

Foreldreutvalet ved Lade skule meiner Trondheim kommune er i ferd med å bygge ut skulen med for liten elevkapasitet.

Foto: Trondheim kommune

Tysdag vedtok formannskapet i Trondheim kommune å bygge ut Lade skule på same tomt. Foreldreutvalet ved skulen er uroa for læringsmiljøet og elevkapasiteten ved skulen.

Me er veldig uroa. Særskilt er me uroa for kvaliteten og læringsmiljøet til ungdomsskuleelevane, seier leiar av foreldreutvalet Marit Barstad, som meiner kommunen burde bygd større.

– Dei burde ha lært av historia. Dei bygde for liten skule på Ranheim og no er dei i ferd med å gjere det same på Lade. Læringsmiljøet blir ikkje godt nok ved den nye skulen, seier ho.

Bystyret har bestemt at Lade skule skal byggjast som ein barneskule med plass til 630 elevar. I dag har Lade skule 366 elevar på barnetrinnet og 150 elevar på ungdomsskuletrinnet. Dei nye planane legg til grunn at det skal byggjast ny ungdomsskule i området og ifølgje planane skal nye Lade skule fungere som ungdomsskule til den nye ungdomsskulen i området er ferdig bygd. I planane som vart handsama i formannskapsmøtet tysdag er det skissert plassvanskar ved nye Lade skule, dersom ein ikkje får bygd ny ungdomsskule i området i første halvdel av 2020-talet.

Fleksibilitet er viktig

– Det er viktig at Lade skule i Trondheim blir bygd stor nok, seier kommunalråd for Arbeidarpartiet Erik Schrøder. Då Ranheim fekk ny skule for fem år sidan var skulen allereie overfylt ved opninga.

Men Schrøder er ikkje uroa for kapasiteten ved nye Lade skule.

– Det har vore ein diskusjon om ein skal utvide normalkapasiteten til 700 elevar og det er viktig at dei nye skulane er fleksible for å kunne ta i mot elevtoppane. Ranheim skule var ikkje fleksibel nok, men rådmannen har lagt fram prognosar og justerte prognosar som viser at skulen først blir full i 2024.

Han trur den nye ungdomsskulen også kjem til å vere på plass i tide.

– Det blir ein ny ungdomsskule på Lade når det er behov for det. Difor bad me også rådmannen om å legge inn prognosar for elevtal slik at ein ny skule står ferdig ved behov, held han fram.

Økonomiske omsyn

Geirmund Lykke, kommunalråd for Kristeleg Folkeparti, seier det er økonomiske omsyn å ta.

– Det er viktig for oss å bygge ein god skule for Lade-området, men samstundes er det viktig på grunn av økonomien i kommunen at me ikkje byggjer skulen større enn det me har behov for.

Han seier dei ikkje ønskjer å bygge skular som har kapasitet til fleire enn 630 elevar og han er ikkje redd for at Lade skule skal lide same skjebne som Ranheim skule.

– Dersom skulen treng plass til fleire elevar så er det planar om å byggje ein ny barne- og ungdomsskule i same område, som skal ta over ungdomsskuleelevane, seier Lykke.

Skulen skal etter planen stå ferdig i 2018.