Hopp til innhold

Frøya skal bruke 85 millionar på idretten

Frøya kommune byrjar i sommar utbygginga av ein heilskapeleg idrettspark. Mellom anna skal dei lage eit eige sjøsportsenter ved Sistranda.

Kiting på Sistranda

Her ser du styreleiar i Frøya Kite Club Jonas Vainoras.

Foto: Frøya Kite Club

– Me tykkjer det er artig at kommunen viser så stor interesse for vår sport, seier Trude Brustad, som er styremedlem i Frøya Kite Club.

På Frøya er det eit aktivt Kite-miljø på Sistranda. Ei strand som er spesielt egna for denne sporten.

Trude Brustad

Trude Brustad er svært glad for at Frøya kommune satsar på kiting.

Foto: Frøya Kite Club

– Det blir sagt at det alltid bles på Sistranda. Og me er avhengige av vind og gode forhold, seier Brustad.

Heilskapeleg idrettspark

Men det er ikkje berre kite-miljøet som får nyte godt av satsinga til Frøya kommune. Kultur- og næringssjef i Frøya kommune og leiar for styringsgruppa for utbygginga av idrettsparken, Maciej Karpinski, fortel at dei har planar om å utnytte gamle anlegg og bygge nye for å utvikle dei idrettane som fins på Frøya.

– Me har mellom anna handball, fotball, dykking, kiting, kajakk, orientering og ridesport. Målet er å utvikle breiddeidretten. Då kan me også utvikle toppidretten her ute, seier Karpinski.

Han fortel at dei skal bygge om idrettshallen, lage turstiar og fleire område for sykling.

– Me har mellom anna Tour de Frøya for ivrige syklistar. Dette er eit døme på kva me ønskjer å kunne tilby her ute, fortel han.

Folkehelse

Han seier det er viktig å utnytte allereie eksisterande anlegg i det nye konseptet.

– Me har ein fotballhall som me ønskjer å bruke for å tilby treningsopphald her ute. Me jobbar allereie med å få lag til å kome hit, seier Karpinski.

Bakgrunnen for satsinga er folkehelse-perspektivet.

– Me ønskjer meir aktivitet blant unge og gamle. Spesielt viktig er det å få barn og unge i aktivitet.

Rydde stranda

Kiting ved Sistranda

På Sistranda i Frøya kommune kan du kite både sommar og vinter.

Foto: Frøya Kite Club

Trude Brustad og dei andre i Frøya Kite Club har allereie byrja arbeidet med å utbetre kite-områda på Sistranda.

– Me har byrja å rydde i strandsona ved å fjerne tre og steinar. Trea som stod nær stranda laga kastvindar, som potensielt er farlege for oss. Kommunen har skaffa oss eit naust som me kan bruke til opphaldsrom og til garderobe. Det gjer det meir attraktivt for folk som ønskjer å ta turen til Frøya for å kite, seier Brustad.

Ho fortel at dei har ambisjonar om å kunne drive kurs-verksemd.

– Me er ein forholdsvis nystarta klubb, men me har ambisjonar om å utdanne oss til instruktørar og kunne drive kursing av folk som ønskjer å byrje å kite, fortel ho.

Sistranda er spesielt godt egna for kiting.

– Me har allereie ein del tilreisande og me ønskjer at fleire skal kome. Folk reiser verda rundt for å kite.

85 millionar

Satsinga er er eit samarbeid mellom Frøya kommune og næringslivet.

- Budsjettet er på 85 millionar kroner. Næringslivet står for nesten halvparten, fortel Maciej Karpinski, kultur- og næringssjef i Frøya kommune.

Arbeidet skal etter planen byrje i sommar.

– Det skal opp til politisk behandling no i juni. Heile prosessen starta for tre-fire år sidan.

Han fortel at dei har fått gode tilbakemeldingar frå idrettslivet i kommunen.

– Me har mellom anna hatt besøk av fotballkretsen. Dei tykte dette var eit av dei beste prosjekta dei hadde sett, som er mynta på barn og unge.

Den heilskapelege idrettsparken skal etter planen vere ferdig i 2017.