Hopp til innhold

Fortvilar over hærverk ved Voll Studentby

Voll studentby er snart ferdig bygd, men er for tredje gong i år utsett for hærværk. Ubudne gjester har mellom anna limt igjen komfyrdører og hengt opp verktøy med fugemasse på veggen.

Voll studentby

9.klassingane Marius Jullum Faanes og Oliver Tvedt vaskar og fjernar fugemasse, som har vore brukt til å lime igjen døra. Dei var på arbeidsutplassering frå Sunnland Ungdomsskule og var med på å oppdage hærverket.

Foto: Sigbjørn Faanes/Veidekke / NRK

– Eg veit ikkje om det er ei ny form for humor, seier formann for tømmer i Veidekke, Bjørn Olav Berntsen.

Voll Studentby

Her er Voll studentby under bygging. Det er tredje gong nokon har teke seg inn i bygget og gjort hærverk. Om ei veke skal Frost eiendom ta over bygninga.

Foto: Bjørn Olav Berntsen/Veidekke

Han og kollegaene hans skal ferdigstille Voll studentby i Trondheim. Studentbyen ligg like i nærleiken av NTNU på Dragvoll.

– Me skal etter planen levere over bygget til Frost eiendom om ei veke, men dette hærverket kan gjere det vanskeleg, seier Berntsen.

For tredje gong har dei hatt besøk av ubudne gjester som har gjort hærverk for fleire tusen kroner.

Voll Studentby

Fleire komfyrar var limt igjen med fugemasse, då malarane kom på jobb ved Voll studentby.

Foto: Bjørn Olav Berntsen/Veidekke / NRK

– Dei har mellom anna limt igjen komfyrar og dører med fugemasse. I tillegg har dei limt ein del verktøy på veggen med fugemasse, fortel Berntsen.

Han har jobba i fleire år både innanlands og utanlands.

Voll studentby

Fleire dører var limt igjen med fugemasse etter at ubudne gjester hadde vore på ferde ved Voll studentby i Trondheim.

Foto: Bjørn Olav Berntsen / NRK

– Eg har mellom anna jobba fleire år i Berlin, men eg har ikkje nokon gong sett slikt hærverk på byggeplassar.

Natt til fredag

– Første gong me hadde innbrot her var tidleg på året. Deretter for to månadar sidan og så no natt til fredag.

Berntsen fortel at dei ikkje steler noko.

– Ingenting er fjerna frå staden. Dei berre øydelegger og gjer hærverk. Me anar ikkje kven det kan vere, men har ein teori om at det er vaksne ungdommar som har vore på ferde, seier han.

Han fortel at dei har gått gjennom rutinar og kven som har nøklar.

– Det var det første me gjorde, men me fann ut at dei må ha kome seg inn gjennom eit ope vindauge ved å klatre i stillaset som står utanfor.

Voll studentby

Her har dei ubudne gjestene limt verktøy på veggen.

Foto: Bjørn Olav Berntsen/Veidekke

Ikkje meld til politiet

-Me har ikkje meld innbrota til politiet. Dei har sjeldan kapasitet til å ta affære, men me håpar det kan verke prevantivt å gå ut å fortelje om det som skjer.

Han seier dei no konsentrerer seg om å rydde opp.

– Me vaskar og ryddar. Det vil ta nokre dagar. Tilsaman vil det koste oss 15- 20.000 kroner å rydde opp i arbeidspengar.