Ved Hov skole i Holtålen er ikkje ungdommane sjenerte. For inntil kort tid sidan stod sju-åtte kjærastepar tett inntil kvarandre med hendene i den andre sine bukselommer kvart friminutt.
- Elevane var i ferd med å "ete" kvarandre opp og vi synst det blei litt i mestelaget. Klineproblema blei tatt opp på eit personalmøte og vi blei samde om å rettleie ungdomane når det gjeld korleis ein skal oppføre seg i det offentlege rom, seier rektor Liv Haugan ved Hov skole til NRK Trøndelag.
Småtrinnet som publikum
Det er helst elevane i åttandeklasse som kliner med kvarandre. Men også elevar frå sjuandeklasse blir rekruttert.
Kjærleiksaktiviteten skjer oftast på busshaldeplassen etter skuletid.
- Dei gøymer seg ikkje bort for nokon ting, og vi synst ikkje det passer seg med denne valdsame klininga. I tillegg synst ungane på småtrinnet at det er kjempeartig å stå å kikke på kyssinga, seier Haugan.
Kjipt
I følgje Adresseavisen synst elevane det er kjipt at kjærastepar ikkje lenger får kose med kvarandre slik dei har gjort tidlegare.
Kjærasteparet Ane Beate Engan og Jørgen Kokkvoll synst ikkje det er nødvendig å forby klining og kyssing på skulen, men seier til avisa at dei kan vise kjenslene sine på andre stader.
I følgje rektor på skulen blir forbodet respektert.
- No held elevane kvarandre i hendene og gir kvarandre klemmar i staden for å råkline, seier Haugan.
Ho understrekar at skulen ikkje har innført forbod mot å kysse kvarandre, men mot råklining.