Hopp til innhold

Følger Eggens filosofi: Full fart framover

– Det er gledeleg at Kåre Ingebrigtsen bruker arven etter Nils Arne Eggen for å bygge opp eit nytt lag, meiner Kenneth Kjelsnes i supporterklubben Kjernen.

Nils Arne Eggen

Nils Arne Eggen i kjent stil, her frå cupfinalen i 1990, kor dei slo Fyllingen 5-1. Fysioterapeut Sigbjørn Hammer og assistenttrenar Bernt Helland på benken.

Foto: Moen, Jørn H. / NTB scanpix

Kenneth Kjelsnes

Kenneth Kjelsnes, RBK-supporter og -ekspert.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Rosenborg har fått ein knallstart på sesongen med totalt 11 mål på to kampar, og Kjeldsnes meiner å sjå at kunnskapen frå trenarlegenden allereie har gjort utslag.

Går heller i angrep

Kjelsnes vil, logisk nok, ikkje juble for seriemesterskap enno.

Men han meiner det er tydeleg å sjå ting i laget som gjer at det er grunn til å tru at Rosenborg vil prestere betre i år enn på fleire år.

– Forskjellen i det spelemessige er at det er eit ønske om å angripe. Det har i fleire år vore slik at dersom vi har scora, har vi prøvd å trygge den leiinga. No går vi heller i angrep, seier Kjelsnes.

Og full fart framover på banen, det vekker minne om gullalderen under Nils Arne Eggen.

Gode strukturar

Den tidlegare RBK-trenaren er inne som mentor for Kåre Ingebrigtsen og resten av trenarteamet i Rosenborg. Akkurat no er han innlagt på Rikshospitalet, etter ein nyretransplantasjon tidleg i mars.

Men mykje kan tyde på at filosofien hans blir overført til læresveinen Ingebrigtsen sjølv om Eggen sjølv må halde sjukesenga.

– Det er strukturar i laget som er gode. Det er slik at sjøl om det står 4-0, 5-0 og 6-0 så er det fem-seks spelarar i boksen når det kjem innlegg. Slikt blir det mål av, seier Kenneth Kjelsnes.