Hopp til innhold

Etterforskar dødsfall som mistenkeleg

Politiet etterforskar dødsfallet til ein 20 -åring frå Namsos. Mannen hadde vore på fest og døydde etter eit døgn på sjukehus.

Politi

Politiet etterforskar dødsfallet til ein mann i 20-åra som mistenkeleg.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det er Namdalsavisa som skriv om saka onsdag.

Mannen i 20-åra skal sist laurdag ha vore på fest i Namsos og dagen etter ha vorte svært dårleg. Han skal også ha lege medvitslaus i leilegheita i Namsos i ein time før han vart sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim med luftambulanse.

Varetektsfengsla

Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkeleg. På festen i Namsos kom det folk frå Steinkjer, som drog sørover igjen dagen etter.

Politiet seier til Namdalsavisa at dei har varetektsfengsla ein mann i 30-åra i fire veker med brev- og besøksforbod. Han er sikta for å ha levert narkotika som har vorte brukt på festen der mannen i 20-åra var deltakande.

Mannen i 30-åra anka på staden, då kjenninga frå Inntrøndelag tingrett vart lest opp for han, skriv Namdalsavisa.

Ein annan mann, som også var på festen, er sikta for sal av narkotika på festen.

– Me har avhøyrt personane som var på festen sist laurdag. Avdøde er sendt til obduksjon, men me har ikkje fått noko resultat av obduksjonen enno. Det får me truleg ikkje før over påske, seier politiadvokat Jørgen Aunet til Namdalsavisa.