Hopp til innhold

No får endeleg ekteparet levert mat frå kommunen

I august 2015 søkte ekteparet om å få nytte tilbodet om matombringing. Først no, seks månader etter, er søknaden godkjend.

Erling og Gunlaug Skogen fra Skaun.

Situasjonen til Gunlaug (91) og Erling (86) har ført til eit nytt vedtak om betre tilbod til seniorar i Skaun

Foto: Stein Lorentzen / NRK

I november 2015 skreiv NRK om Gunlaug Skogen (91) og Erling Skogen (86) frå Skaun som hadde fått avslag på søknad om å få køyrt heim middag to dagar i veka. Trass for høg alder og dårleg helse, vart ikkje situasjonen deira sett på som alvorleg nok til å dra nytte av tilbodet om å få middag levert til døra.

På kommunestyremøte 10.12.2015 vart det lagt fram eit verbalforslag av kommunestyrerepresentant Anita Gilde (Frp), om at «Skaun kommune skal gi alle seniorar ei moglegheit til å kjøpe mat via systemet med matombringing». Denne kommentaren fekk samrøystes støtte.

På Skaun Frp si facebookside, vart det 8. februar opplyst at ekteparet framleis ikkje hadde fått den hjelpa dei søkte om.

Det var situasjonen til Skogen-paret som var grunnlaget for budsjettkommentaren til Gilde. Ho meiner at det er snodig at kommunestyret ikkje har fått i orden vedtaket før no.

– Dette var eigentleg ein liten sak, men har stor betydning for dei det gjeld, og livskvaliteten deira.

Ho meiner at ein ikkje ber etter bistand til middag utan at ein har behov for det.

Altfor lang tid

Då NRK onsdag ettermiddag tok kontakt med ordførar i Skaun, Jon P. Husby (Sp), kunne han fortelje at søknaden om praktisk bistand for ekteparet Skogen vart innvilga tidlegare på dagen.

– Denne enkeltsaka er no i orden, og i framtida vil dette tilbodet bli betre for seniorane i kommunen, fortalde Husby.

På nyhenda om at søknaden til slutt har blitt innvilga, meiner Gilde at det uansett har teke alt for lang tid.

– Det er ikkje til å tru at det har tatt to månadar utan at noko har skjedd. Saka hadde allereie vore oppe ei stund før Skaun Frp tok tak i den.

Ho meiner at det har vore ein stor kamp, for liten sak.

Husby meiner på si side at det tek tid før eit vedtak kan bli igangsett.

Har sine tvil

I vinter har det vore for glatt på vegane til at ekteparet Skogen har kunna gått til butikken sjølv. Det har vore sonen, Willy, som har hatt oppgåva med å køyre foreldra til butikken for å kjøpe mat. No håpar han at kampen for å få godkjend søknaden endeleg er over, men han har sine tvil.

– Eg føler eg har fått lovnader om at saka snart er i orden så lenge no, at eg ikkje tør å tru på at det har ordna seg. Men eg skal håpe på det beste.