Hopp til innhold

– No må vi få arbeidsro!

– Det har vore vanskeleg å konsentrere seg om dei daglege oppgåvene, erkjenner Eivind Berre, som er fagansvarleg i Rock City i Namsos.

Eivind Berre

Eivind Berre ser fram til å få konsentrere seg om jobben som skal gjerast på Rock City, og sleppe trykket frå media. (Bildet er tatt ved eit tidlegare høve)

Foto: NRK

Berre er også kjent som bassist i DDE, og ein skulle tru at han var herda av mediepress gjennom mange år.

Men trykket mot Rock City er enormt.

– Det er utfordrande å vere tilsett i ei bedrift som har så stort mediepress, seier han.

– Usikkerheta har prega alle

Rock City

Rock City har vore omstridt heilt frå det åpna i november 2011.

Foto: Espen Sandmo/NRK

– Bråket rundt Rock City gjer at vi ikkje blir effektive i jobben vi skal gjere, innrømmer Berre.

Han har arbeidd i Rock City i fem år, og blant oppgåvene hans er å samarbeide med Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) om eit studium i arrangementsleiing.

Det er fire tilsette i bedrifta, i tillegg til dagleg leiar Åsmund Prytz.

Fredag førre veke vart det kjent at Prytz har fått sparken som dagleg leiar.

Eivind Berre seier at dei tilsette har hatt full tillit til styret i denne saka, men at usikkerheta har prega alle.

– Vi er vanlege menneske som jobbar oppi dette, og vi har familie som les det som blir skrive. No ber vi om at media og alle andre viser oss respekt og lar oss få gjere jobben vår.

Også namsospolitikarane har i det siste gått ut og bedt om ro rundt Rock City.

– Må få på plass ressurssenteret

Rock City vart offisielt åpna av dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) den 11. november i 2011. Prudence sto saman på scena, og alle hadde tru på ei lys framtid for rockesenteret i rockebyen.

Men sidan kom økonomiske problem, eit par knusande revisjonrapportar, ein rådmann som måtte gå, ein nesten-konkurs som vart avverga ved at kommunen gjekk inn – og no sist ei personalkonflikt som kulminerte i at dagleg leiar Prytz fekk sparken.

Har ikkje bransjen med seg

Gunnar Robert Sellæg

Styreleiar Gunnar Robert Sellæg, her på møtet der det vart klart at Åsmund Prytz, til høgre i bildet, måtte gå.

Foto: Julie Haugen Egge/NRK

I førre veke erkjente òg styreleiar Gunnar Robert Sellæg til NRK at dei slit med å få bransjen på si side.

– Bransjen har vore litt irriterte på Rock City, kanskje fordi Rock City har fått ein del ressursar. Senteret har òg ei historie som bransjen ikkje har vore nøgd med.
No må vi byggje og lage eit relevant produkt som bransjen vil ha, seier Sellæg.

Rock City skulle først og framst vere eit nasjonalt ressurssenter for pop og rock, og det er dette mandatet mange meiner ikkje er oppfylt. For Rock City inneheld også eit trønderrock-museum, og dette vart realisert før ressurssenteret.

– Når vi får på plass ressurssenteret og oppfyller det nasjonale mandatet, trur vi at vi vil ha ei anna truverd i bransjen enn før – og at bransjen vil vere meir positiv til Rock City, seier Sellæg.