Hopp til innhold

Eksplosjon på Heggstadmoen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det skal ha vore ein stor smell på Heggstadmoen i Trondheim. Politiet fortel at ingen personar er skada.

Det har vore ein stor smell på avfallssenteret på Heggstadmoen i Trondheim.

Etter ein melding om ein eksplosjon gjorde politiet undersøkelsar på staden, og det er ikkje personskadar i denne samanhengen.

– Det er ei søppelkvernmaskin som har forårsaka smellen, men kva som er grunnen veit me ikkje før maskina er sjekka, seier operasjonsleiar i Sør-Trøndelag, Wiktor Pedersen til nrk.no.

Maskina er øydelagt, men rommet maskina stod i er bra berga.

Politiet har reist frå staden.