Hopp til innhold

Dømt til psykiatrisk behandling

26-åringen som var tiltalt for drapet på ein norsk-somaliar på Heimdal i Trondheim i fjor, er dømt til psykisk helsevern.

Fra rettssak, Heimdalsdrapet
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det slo Trondheim tingrett fast då det fall dom i rettssaka etter drapet på Mahmed Jamal Shirwac klokka 1400 fredag ettermiddag.

Dette er i samvar med påstanden frå aktor etter at rettpsykiatrisk sakkunnige meiner tiltalte er psykotisk og ikkje kan sone i fengsel.

- Dette er ein riktig dom. Retten har lagt eit riktig faktum til grunn og fleirtalet har også lagt ein riktig reaksjon til grunn, seier aktor, statsadvokat Bjørn Kristian Soknes til NRK Trøndelag.

Fyrte av tolv skot

Retten la vekt på bilete frå eit overvakingskamera på ein bensinstasjon like ved drapsstaden. På bileta er bakhovudet på ein person synleg. Dette kan vere tiltalte, meiner retten. Dei meiner også at spor på patronhylser som blei funnen på åstaden knyter tiltalte til drapet.

- Tiltalte fyrte av tolv skot mens han var plassert ved bilens høgre bakdør og eitt skot mens han var plassert ved venstre sida til tiltalte, las tingrettsdommar Leif Holm i Trondheim tingrett i dag.

26-åringen hugsar ingenting frå drapskvelden, men meiner han er uskuldig.

Retten var delt

Trondheim tingrett delte seg i synet på om det er fare for at tiltalte vil gjere nye og alvorlege handlingar i framtida. Dette er ein føresetnad for å dømme nokon til tvungent psykisk helsevern.

Fleirtalet, som er dei to meddommarane, meiner vilkåra for å dømme 26-åringen til psykisk helsevern er oppfylt. Mens mindretalet, rettens formann og administrator, meiner at vilkåra for å verne samfunnet mot tiltalte ikkje er til stades i saka.

- Samfunnsvernet tilsier at tiltalte må overføres til tvungent psykisk helsevern, leste dommer Holm fra dommen.

Erstatning til dei etterlatne

Bistandsadvoktane til dei etterlatte hadde lagt fram krav om opp mot 400 000 kroner i erstatning og oppreising. Retten dømte 26-åringen frå Oppdal til å betale erstatning og oppreising til enka etter Mahmed Jamal Shirwac og borna han etterlet seg.

  • 150 000 kroner til enka etter Shirwac
  • 175 000 kroner til kvar av dei tre borna frå ekteskapet
  • 175 000 kroner ei tolv år gamal jente frå eit tidlegare ekteskap
  • 29 932 kroner i erstatning for påførte utgifter til kona

- Vi var førebudd på at erstatninga ville bli mindre sidan vi har med ein person i psykotisk tilstand. Ein blir aldri heilt nøgd når ein ikkje får det ein har bedt om, seier bistandsadvokat Karianne Tilset Berg som representerer enka etter Mahmed Jamal Shirwac, til NRK Trøndelag.

Tiltalte var ikkje sjølv tilstades då dommen blei lest opp. Han vil få den forkynt på Brøset i ettermiddag.

- Han valte å bli på Brøset grunna tryggleiksmessige årsaker, seier 26-åringens forvarar John Christian Elden.

Drepen med fleire skot

46 år gamle Mahmed Jamal Shirwac var norsk statsborgar, men opphaveleg frå Somalia.

Han blei funnen død i døropninga på bilen sin i Ringvålveien på Heimdal natt til 23. august 2008. Han var truffen av ei rekke skot, som hadde skadd fleire indre organ og hjernen, og han døydde av blødningar.

11. september same året blei ein 25 år gamal mann frå Trondheim tatt av politiet og sikta for drapet. To dagar seinare blei mannen varetektsfengsla i fire veker.

Skjerpa tryggleik

Politiet skjerpa tryggleikstiltaka då Trondheim tingrett avsa dom i saka mot 26-åringen fredag.

- Det kan vere mange scenarioer. Vi ønskjer å vere til stades med fleire folk for at dette skal gå roleg og verdig for seg, sa seksjonsleiar Håvard Karlsen ved Sentrum politistasjon i Trondheim til Adresseavisen.

Under rettssaka, som starta 27. april, ble det sett i verk kontroll av publikum og pressefolk som skulle inn i rettslokalet. Dagen etter skjedde ein episode i rettssalen, då enka etter Shirwac kasta ein sko mot tiltalte.

Det var sett av fem dagar til rettssaka. Over 100 vitne blei avhøyrd av politiet.