Hopp til innhold

Skal demonstrere mot vindkraftplanane

Motstandarane av vindkraftplanane i Meråker oppfordar folk til å demonstrere før kommunestyremøtet mandag kveld.

Vindmøllepark

Det er det tyske selskapet E.On som vil byggje ut vindkraft i Meråkerfjella. Dei møter sterk motstand, både frå folk i Meråker, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og styresmaktene på svenske side av grensa.

Foto: Per Kristian Johansen, NRK

Marit Øverkil

Marit Øverkil vil samle vindkraftmotstandarane før kommunestyremøtet i dag.

Foto: Privat

Politikarane skal nemleg bestemme om det tyske selskapet E.on skal få løyve til å bygge mellom 50 og 60 vindmøller i fjellet.

– Motstanden er stor, seier Marit Øverkil, som meiner det er viktig at folk viser at de er ueinige i utbyggingsplanane.

– Må vise kor mange vi er

– Politikarane må få vite kor mange som er imot vindkraftutbygging. At folk sit ved kjøkenbordet og snakkar om motstanden der, er ein ting, men at medlemmane i kommunestyret får sjå kor mange det er, kan vere viktig når dei skal stemme, trur ho.

Det ekstraordinære kommunestyremøtet startar klokka 18.00.

Demonstrasjonen er lagt opp som ein roleg marsj frå samfunnshuset og butikken bort til den vidaregåande skolen.

– Det er òg viktig at folk får vite at dei har rett til å sitje og høyre på kommunestyremøtet når ei så viktig avgjerd for bygda skal tas, seier Øverkil.

– Eg håpar fornuften sigrar, men fryktar det motsette.

Da formannskapet handsama saka før helga, sa dei ja til utbygging av Kopperaa vindkraftpark. Berre Venstre stemte mot. Ordførar i Meråker, Bård Langsåvold, sa etter møtet at han meiner det er viktig å sikre inntektene til kommunen for framtida.

– Forureining på mange vis

Øverkil har hytte på Feragen, og er veldig glad i området.

– Eg er og glad i å gå på toppturar, og om det blir vindmøllepark, vil ein sjå vindmøller frå dei aller fleste toppane – dette er forureining på mange vis, seier ho.

– Eg er opptatt av at vi må ta vare på naturen og gi den vidare til generasjonane som kjem.

Ho tvilar på at vindkraftutbygginga vil bli det løftet politikarane håpa på, verken med omsyn til økonomi eller arbeidsplassar.

Mykje kan tyde på at ho har rett. I førre veke vart det kjent at Meråker kommune får ein eingongssum på 5 millionar kroner som erstatning for at fjellområda blir forringa som naturområde. Kommunen får ikkje garanti for ei motyting tilsvarande dagens eigedomsskatt dersom det blir vindkraftpark.