Hopp til innhold

Biljakt gjennom Nord-Trøndelag

Ein bil med tre personar i køyrde i vill fart gjennom Nord-Trøndelag i ettermiddag. Politiet følgde etter bilen og prøvde å stoppe den med spikermatter.

Politibil
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Politiet fekk melding om bilen frå politiet på Helgeland kl. 13. Bilen var stole, og hadde stukke av frå rekninga på ein bensinstasjon der.

Det fortel operasjonsleiar Rune Reinsborg i politiet i Nord-Trøndelag.

Politiet byrja å følgje etter bilen ved Grong i 14.30-tida.

Bilen kræsja med fleire bilar på ferda gjennom fylket. Dei fekk mindre karosseriskader.

– Vi la ut spikermatter to gonger i løpet av forfølginga, den siste like sør for Steinkjer. Bilen punkterte der, men køyrde vidare, seier Reinsborg.

Til slutt fekk politiet stoppa bilen ved Rambergsmyra i Sparbu.

Dei tre personane har blitt tatt med til politistasjonen på Steinkjer. No skal politiet finne ut kven dei er og kva dei har heldt på med.