Hopp til innhold

Arkiv kastar nytt lys på Kongsvold Fjeldstue

Ei skattkiste av eit arkiv frå Kongsvold fjeldstue har vorte tilgjengeleg. Gamle brev, oppskrifter, handlelister og rekneskapsbøker fortel ei ny historie om fjellstova på Dovrefjell.

Ei skattkiste av et arkiv fra Kongsvold fjeldstue er blitt tilgjengelig. Gamle brev, oppskrifter, handlelister og regnskapbøker kaster nytt lys over den tradisjonsrike fjellstua på Dovre.

Kristin Vassdal Dahl

Student Kristin Vassdal Dahl les eit brev sendt til Kongsvold Fjeldstue.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Arkivet frå Kongsvold Fjeldstue er no trygt plassert hos Statsarkivet i Trondheim. I arkivet kan du finne gamle brev, oppskrifter og mykje anna frå heilt tilbake til 1864 og fram til 1970.

- Ein skal behandle materialet med respekt, seier Kristin Vassdal Dahl, masterstudent i Kulturminneforvaltning ved NTNU.

Gunnar Sørum

Arkivar Gunnar Sørum ser på ein bunke med brev.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

– Det er heilt fantastisk, seier arkivar Gunnar Sørum og ser på ein bunke med brev.

– Me får innblikk i ei verd me elles ikkje ville ha kome til å få oppleve. Me har mange offentlege arkiv, men veldig lite som fortel oss kva folk tenkte og følte før i tida, held han fram.

Prominente gjester

 Oline Synnøve «Lina» Holaker

Oline Synnøve «Lina» Holaker regjerte på Kongsvold Fjeldstue i ein kvinnealder.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Svært mange av breva i arkivet vart sendt til Oline Synnøve «Lina» Holaker. Fram til 1935 vart Kongsvold drevet som ei statleg fjellstove. Då kjøpte bestyraren, Oline Synnøve «Lina» Holaker husa og heldt fram med å drive fjellstova.

– Her er det massevis av postkort og dei fleste er til Lina, fortel Kristin Vassdal Dahl og viser fram eit postkort frå forfattaren Margrethe Munthe.

– Dette viser at det var svært mange prominente gjester ved Kongsvold og i omgangskretsen til Lina.

Middelalderen

Kongsvold Fjeldstue

Historia til Kongsvold Fjeldstue er no tilgjengeleg i Statsarkivet i Trondheim.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

I mange hundre år var Kongsvold ein stad for å søke ly på reisa over fjellet mellom Austlandet og Trøndelag. Frå 1670 hadde staden offisiell status som fjellstove, og i 1704 fikk det navnet Kongsvold av Fredrik IV. Dei eldste husa på Kongsvold er frå gjenoppbygginga etter nedbrenninga under den store nordiske krigen i 1718.

Knut Nyhus driv Kongsvold Fjeldstove i dag.

– Det er fantastisk at så mykje historie har vorte teken vare på. Det er jo både kultur - og mathistorie, seier Nyhus.

Han har testa ut nokre av oppskriftene i arkivet på dagens gjester. Råmelkspudding og bacalao med oppskrifter frå 1920-talet.

Knut Nyhus og Kristin Vassdal Dahl

Student Kristin Vassdal Dahl viser drivaren av fjellstova, Knut Nyhus, kva ho har funne.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

– Eg tykkjer det har ein interessant smak. Det er vel det ein seier når ein ikkje veit kva ein skal seie, seier Nyhus og ler.