Flåmo reagerer når no endå ein statleg etat vil flytte frå kommunen. Grunnen er miljøet som er bygd opp på Siholmen på Frøya, seier ho.
– Der er Mattilsynet samlokaliserte med Fiskeridirektoratet og Havbrukstenesten. Slik eg har forstått det har dette vore styrken for dette miljøet som er på Siholmen. Då blir det uforståeleg at miljøet blir brote opp, seier ho.
No vil ordføraren kontakte Mattilsynet, for å få i gong ein dialog om flyttinga. Til no er einaste grunnen ho har fått at ei flytting til Hitra vil gje kortare reisetider til området kontoret skal dekke.
– Me må kjempe for å halde på Mattilsynet. Næringa er på offensiven for å finne ut kva som skjer, og me er ei stor næringsaktør innanfor oppdrett. Her er det grunn til å kjempe, seier ho.
- LES OGSÅ:
Tredje etat ut
I oktober vart det kjent at lensmannskontoret på Frøya kan bli lagt ned. Grunnen er at Sør-Trøndelag politidistrikt vil kutte ned talet på kontor, for å få fleire politimenn ut i operativ teneste.
– Frå politiet sin ståstad blir det brukt veldig mykje ressursar på å halde kontora opne, og betene publikum på mange kontor. Det har me rett og slett ikkje ressursar til, sa politimeister Nils Kristian Moe til NRK då planane vart kjent.
Frå Frøya kom protestane. For ei nedlegging vil gje lenger reiseveg for folk som treng politiet, meinte dåverande ordførar Hans Stølan.
Tidlegare har også skattekontoret flytta frå Frøya, og dermed blir no Mattilsynet tredje etat ut.
– Kva er det med Frøya?
– Ja, kva er det med Frøya? Det må eg også spørje om, seier ordførar Flåmo.
– Eg skjønar ingenting. At statlege etatar flyttar ut av ein kommune som er i vekst, både når det gjeld folketal og for næringane, seier ho.
No vil ho kontakte sentrale politikarar for å få diskutert saka. Kommunen er stor på oppdrett, og ordføraren håper difor at politikarane vil kunne setje seg inn i problematikken.
– Næringslivet stiller også spørsmål no om kva som skjer når dei lagar arbeidsplassar og skaper synergieffekt, så tek staten frå oss arbeidsplassar. Det er noko som er riv, ruskande gale, slik eg ser det. Dette er ikkje bra, seier ho.