Hopp til innhold

– Fusjonen vil medføre mykje hardt arbeid

– Eg skulle gjerne hatt eit samrøystes styre bak dette vedtaket, seier NTNU-rektor Gunnar Bovim etter at NTNU i går bestemte seg for å fusjonere med høgskolane i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund.

Gløshaugen

NTNU på Gløshaugen i Trondheim.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Alle dei fem tilsetterepresentantane gjekk imot fusjonen.

– Vi har hatt ein omfattande prosess rundt i fagmiljøa og fakulteta, og tilbakemeldingane er delte. Nokre ønsker den fusjonen vi no får, andre vil ha ein fusjon berre med Høgskolen i Sør-Trøndelag, andre vil stå åleine. Uansett kva vi hadde bestemt oss for, ville vi hatt delar av organisasjonen med oss, mens delar av organisasjonen ville ha ønska eit anna vedtak, seier Bovim.

Gunnar Bovim

Rektor ved NTNU Gunnar Bovim.

Foto: Åge Hojem / NTNU

Han innser at fusjonen vil medføre mykje hardt arbeid.

– NTNU er den desidert mest dominerande institusjonen i storleik. Dei vi skal fusjonere med utanfor Trondheim er like store som dei største institutta hos oss, og mindre enn ein del av fakulteta, seier han.

Det er altså ikkje ein fusjon med like store partnarar.

Bovim trur at det vil bidra til å gjere samanslåinga mindre kompleks.

HiST er den desidert største av dei tre som no skal slå seg saman med NTNU.

– Det er òg viktig å huske at desse tre høgskolane har ønska seg inn i NTNU, det er altså ikkje vi som tvingar dei, seier Bovim.