Hopp til innhold

– Eit overgrep å legge ned DPS

Han var innlagt 50 gonger på psykiatrisk sjukehus før han kom til DPS i Haltdalen. No er han friskmeldt og meiner opphaldet i fjellbygda kan ha redda livet hans.

Kjell Arne

Kjell Arne.

Foto: Kari Sørbø / NRK

42 år gamle Kjell Arne er oppvaksen i Midtre Gauldal. Men sidan 2004 har han meir eller mindre opphalde seg i Haltdalen.

Før jul i fjor kjøpte han seg hus i bygda der han fekk hjelp til å bli frisk.

Paranoid schizofren

Han vart sjuk berre 21 år gamal. Paranoid schizofreni var den sannsynlege diagnosen, sa legane i Trondheim.

Ungguten vart innlagt gong på gong. Kjell Arne trur det kan ha vorte så mange som 50 gonger på 15 år. Han fekk mange ulike medisinar som ofte viste seg å «motarbeide» kvarandre i kroppen. Han vart lagt i reimar fleire gonger .

– Det var mykje rot når eg skulle få hjelp i Trondheim. Stadig nye legar og sjukepleiarar som måtte sette seg inn i historia mi. Dei gjorde sikkert så godt dei kunne, men eg vart ikkje betre.

Innimellom budde han heime hos foreldra sine i Midtre Gauldal. Det fekk også følgjer.

– Familien min vart meir eller mindre rasert, seier Kjell Arne om tida som no ligg 15 år tilbake og som verkar som i eit anna liv.

I dag har han eit bra tilhøve til familien igjen, takka vere hjelpa han fekk ved DPS i Haltdalen.

DPS Haltdalen

DPS Haltdalen.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Frisk på 2-3 år

Hit kom han i 2004. Raskt oppdaga han at personalet viste han tillit. Han fekk vere med på å bestemme meir. Dei lytta til historia hans og fann medisin som Kjell Arne merka verka på ein annan måte enn medikamenta han hadde fått før.

Frå 2007 vart han fastbuande i Haltdalen og no i eige hus.

I dag har han ein såkalla brukarstyrt avtale med DPS Haltdalen som ligg nokre få hundre meter frå huset hans. Det betyr at han kan kome dit når han vil om han treng det.

– Det dei ikkje greidde i løpet av 15 år i Trondheim, fekk dei til her på 2-3 år, seier Kjell Arne om behandlinga som har gjort han frisk.

Nedleggingstruga

Haltdalen DPS starta i 1987 som psykiatrisk sjukeheim. Etter diverse omorganiseringar vart institusjonen underlagt Orkdal DPS og St.Olav som døgnavdeling og poliklinikk.

Pasientane kjem frå dei fem kommunane i Fjellregionen: Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Røros og Holtålen.

Ordførarane har brukt Haltdalen DPS nettopp som eit døme på «Samhandlingsreformen» til regjeringa i praksis: Desentraliserte tenester, lett tilgjenge, låg bruk av tvang og billeg.

Men i fjor vedtok styret ved St.Olavs hospital å utgreie ei nedlegging av dei 9 døgnplassane i Haltdalen for å spare 7 millionar kroner.

Kommunane protesterte mot den korte høyringsfristen og fekk saka utsett til februar 2012.

«Mangelfull rapport»

Det er avdeling for Psykisk helsevern ved St.Olav som har utgreidd følgjene av å legge ned DPS Haltdalen.

I høyringssvaret frå kommunane viser dei til at St.Olav ikkje har samanlikna kostnader pr. døgn ved dei ulike DPS-ane og kva det vil koste å behandle pasientane andre stader.

Ifølgje Helsedirektoratet kostar eit døgn i psykiatriske sjukehus 8428 kroner, mens eit døgn ved eit DPS kostar 4067 kroner.

Dessutan frykter kommunane i Fjellregionen auka press på Orkdal DPS og i Trondheim om Haltdalen blir nedlagt. Det kan igjen føre til at fleire pasientar må innleggast på sjukehus til nesten dobbel så høg kostnad.

Direktør for psykisk helsevern ved St. Olav Liv Sjøvold går no langt i å vedgå at rapporten om nedlegging kunne ha vore betre kvalitetssikra.

Til NRK Trøndelag seier Sjøvold at det blir eit nytt møte med kommunane om rapporten før saka blir sendt til styret i mars.

– Eit overgrep å legge ned

Hjørdis Stuedal

Hjørdis Stuedal, seksjonssjef ved DSP Haltdalen.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Det betyr nok ein månads usikkerheit for pasientar og dei 40 tilsette i Haltdalen. Men leiar ved DPS Haltdalen Hjørdis Stuedal tolkar utsettinga som positiv og har framleis håp om at Haltdalen DPS kan bestå.

For den tidlegare pasienten Kjell Arne kom medlinga om mogeleg nedlegging som eit sjokk.

– Eg vart forbanna då eg høyrde antydningar om at det var vanskeleg å skaffe fagpersonell til Holtålen, seier Kjell Arne.

Røynsla hans er svært stabil arbeidskraft ved institusjonen.

– Det vil vere eit overgrep både mot folk som treng hjelp i nærmiljøet, mot dei tilsette og heile bygda å legge ned i Haltdalen, seier Kjell Arne.

11.04.24: NRK har fjernet etternavnet til hovedkilden i saken.