Hopp til innhold

– Eg er Charlie!

12. januar kom vesle Charlie til verda på Sjukehuset Levanger, mens heile Europa uttrykte nettopp «Eg er Charlie» for å vise sin støtte til ytringsfridomen etter terrorangrepa i Frankrike.

Charlie og Stella

Vesle Charlie vart fødd 12. januar, berre nokre dagar etter terroraksjonane i Frankrike. Storesøster Stella (4) var den som bestemte namnet.

Foto: Privat

Mange har gått ut frå at guten vart kalla Charlie på grunn av terrorhendingane i Frankrike og attentatet mot satiremagasinet Charlie Hebdo.

– Det stemmer ikkje, sjølv om vi no ikkje vil gløyme det som skjedde i Paris, fortel mora til guten, Merete Sundal Skjesol.

– Eg vart tipsa om namnet for eit par månader sidan, av ei veldig god venninne. Dei ville bruke namnet om dei fekk ein gut, men så vart det ei jente, seier Skjesol.

Dermed var gutenamnet ledig.

Og da guten til familien Skjesol kom 12. januar, sto det mellom Julius og Charlie.

Storesøster Stella på fire år fekk velje kva han skulle heite, og ho gjekk for Charlie.

– Je suis Charlie

Place de la Republique med blomster og lys "Jeg er Charlie"

'Je suis Charlie' på Place de la Republique i Paris.

Foto: LOIC VENANCE / Afp

Onsdag 7. januar vart tolv personar drepen i eit angrep på redaksjonslokala til satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris. Dagen etter vart ei politikvinne drepne, og fredag 9. januar vart fire menneske drepne i ein gisselaksjon i ein matbutikk.

I dagane etter terroren valde svært mange å uttrykke motstand mot terror og støtte til ytringsfridomen ved å vere med på markeringar rundt om i Europa.

På plakatar, avisforsider og på Facebook sto det å lese «Je suis Charlie», eller «Eg er Charlie».

På Twitter var emneknaggen #JeSuisCharlie tvitra 5 millionar gonger allereie 10. januar, opplyser Twitter France.

Vil aldri gløyme terroren

Stella og Charlie Sundal Skjesol

Stella og veslebror Charlie.

Foto: Privat

Og barnet til John Olav Skjesol og Merete Sundal Skjesol, fødd midt på natta måndag 12. januar, vart altså Charlie på ordentleg.

– Det vart mykje fokus rundt dette namnet, men det var nok ingen i familien vår som hadde trudd at vi skulle velje nettopp det, seier Merete Sundal Skjesol.