Hopp til innhold

20 år sidan «The Julekalender»

Enno ropar folk «det e bærre lækkert» etter Ivar Gafseth. Tore Johansen blir kjent att som kvinne over heile landet, og Erling Mylius skremmer framleis vettet av småungar.

Nissene i The Julekalender spiller Støvel-Dance.

Nissene sto for fleire musikalske og verbale landeplager jula 1994. Frå venstre Ivar Gafseth, Erling Mylius og Tore Johansen.

Foto: TV2 / Scanpix

Den onde nåsåen Benny

Bob-bob; Den onde nåsåen Benny, som var ute etter nissene. Erling Mylius spelte nåsåen.

Foto: Scanpix

For 20 år sidan hadde det nettopp starta ein ny tv-adventskalender på TV2. Det var ein serie som ikkje likna noko vi nordmenn hadde sett før.

Serien heitte «The Julekalender», og handla om eit trøndersk ektepar som fekk ein mystisk førjulsgjest, og om tre nissar som snakka ei blanding av engelsk og trøndersk.

Etter kvart oppdaga publikum at det var tre personar som spelte alle rollene. Og plutseleg gjekk alle rundt og sa ting som «bob, bob, bob, ikkje sant», «det va no som svarte» og «hey, that’s a good vending!». På julefestane, både i Trøndelag og resten av landet, vart det dansa «støveldance» så det rann av veggane.

Julekalenderen var blitt et fenomen, og gutta i trøndergruppa Travellin’ Strawberries vart rikskjendisar.

Og det er dei framleis.

– Det e bærre lækkert!

– Serien er utruleg haldbar. Enno driv folk og ropar «det e bærre lækkert», seier Ivar Gafseth, som spelte bonden Olaf Sand og nissen Gynter.

Tore Johansen spelte Gjertrud Sand og nissen Hansi, og Erling Mylius gav liv til nåsåen Benny og nissen Fritz.

– Når Tore går bortover gata, uansett kor i landet, så seier folk på andre sida av gata: «der går’a». Da bli’n Tore blid, sjø. Det syns eg er artig, ler Ivar Gafseth.

I år blir serien sendt i reprise nok ein gong, på TV2 Zebra. Og dei tre har ikkje fått nok av å bli assosiert med serien.

– Aldri, seier Tore Johansen.

– Det er jo artig og hyggeleg. No er både tredje og fjerde generasjon i gang med denne serien, så det er alltid nye folk og nye spørsmål.

– Det ringte nokre tullingar frå Danmark

The Julekalender var først laga på dansk, av tv-produsenten Hans Erik Saks og popgruppa De Nattergale. Den vart ein suksess, og Saks tenkte at serien kunne overførast til Noreg. Men at det vart nettopp trondheimsgruppa Travellin’ Strawberries som skulle fylle rollene, det var uventa.

– Verda er full av samantreff. Vi var på rett stad til rett tid, seier Erling Mylius.

Dei tre trondheimsmusikarane hadde kjent kvarandre i ei årrekke, og spelt saman i mellom anna gruppa Difference på 60-talet.

– Tidleg på 90-talet hadde vi hatt eit stykke på Trøndelag Teater, det heitte Strawberry Fields Forever. Så drog vi på turné med stykket, i løpet av turneen trefte vi Hans Erik Saks, og så var det gjort, seier Mylius.

Saks hadde eigentleg gitt opp. Fleire grupper hadde vore på audition, men utan at det sa pang. Så fekk Saks tipset om «dei tre gærningane som spelar Strawberry Fields».

– Han ringde til Ivar, som fortalde oss andre at «det var nokre tullingar frå Danmark som ringde, det var no tv og no greier.» Det tok lang tid før vi skjønte at det var nokon som ville noko. Vi lurte dei til å komme til Øysand og ta auditionen der. Vi prøvde å spele ein av sketsjane vi hadde fått tilsendt, og så fekk vi jobben, seier Johansen.

– Det tok tyve minutt, det, seier Gafseth.

Og så begynte snøballen å rulle. Serien vart spelt inn i det danske studioet i 1993.

– Eg føler at dei mest usympatiske rollene gjekk til meg, seier Erling Mylius.
– Ja, det var heilt naturleg, ler Ivar Gafseth.

Mylius fekk rolla som den onde nåsåen Benny, og som den strenge nissesjefen.

– Eg skremte vettet av små barn på den tida. Og det kjem jo stadig nye barn som blir skremt, seier han.

  • Radiointervju med Travellin' Strawberries:

– Gjertrud og Olaf er tidlause

Gjertrud og Olaf Sand var nok rollefigurane som leverte flest av replikkane som gjekk som ein farsott over landet før jul i 1994. «Olaf, æ står under misteltein», «nei, æ tru æ må ut og få blesse tu bælgen» og «nei, det va no som svarte!».

– Finst Gjertrud og Olaf?

– Jau … det e bærre lækkert, svarer Ivar Gafseth kontant.

– Dei er nok der framleis, ja, seier Tore Johansen.

– Dei er tidlause, seier Erling Mylius.

Måtte skrive om til norsk og trøndersk

Travellin' Strawberries under innspillingen av The Julekalender.

Ivar Gafseth, Erling Mylius og Tore Johansen under innspelinga av 'The Julekalender'.

Foto: Promo

Den norske The Julekalender var temmeleg lik den danske originalen. Men den trønderske trioen la ned mykje tid i å skrive om serien så den vart norsk og trøndersk.

– Det er ikkje så stor forskjell på danskar og nordmenn, seier Mylius.

– Men vi har høge fjell og djupe dalar, så forskjellen på land og by er større i Noreg. Det har blitt sagt at den norske julekalenderen var meir norsk enn den danske var dansk, seier han.

– Vi hadde meir spelerom for å parodiere, trur han.

– Samtidig ser vi at den norske hadde meir tempo. Eg trudde kanskje at det var vi som var dei treige bøndene, men den danske versjonen er faktisk enda treigare, seier Tore Johansen.

Død hund måtte vere med

Travellin' Strawberries

Ivar Gafseth, Tore Johansen og Erling Mylius. Her frå ei innspeling av Beat for Beat på seint 2000-tal.

Foto: Erik Dyrhaug / NRK

Ein liten, men viktig forskjell mellom den danske og den norske er bruken av hunden på garden, Kvikk. For den var ikkje med under innspelinga av den norske serien.

– Den var, for å seie det på godt trøndersk, dau, seier Tore Johansen.

Hunden var med i den danske serien, og vart berre klipt inn i den norske. Det førte til ei ekstra utfordring for Ivar Gafseth, i og med at nissen Gynter faktisk trefte hunden i eit par scener mot slutten av serien.

– Eg sto på kne i omtrent eit døgn og kikka på ein teknikar, som sto på kne og kikka på ein skjerm og bevega seg likeens som hunden gjer. Det var ein lang seanse, og eg hadde vondt i knea lenge etterpå, seier Gafseth.

– Rullar The Julekalender vidare i 20 år til?

– Det er vel større sjanse for at julekalenderen rullar enn at vi gjer det, humrar Tore Johansen