Hopp til innhold

-Ein utmerka, flott ungdom

Måndag 1 august skulle ho byrje i sommarjobb i Namdalsavisa. Lene Maria Bergum vart 19 år.

Lene Maria Bergum

19 år gamle Lene Maria Bergum frå Namsos i Nord-Trøndelag var på sin første AUF-leir på Utøya då tragedien skjedde.

Foto: Privat

Lene Maria Bergum melde seg inn i AUF for om lag eitt år sidan, og ho var også styremedlem i Stjørdal AUF. 19-åringen var på sin første Utøya-leir då tragedien skjedde.

Lene Maria blir skildra av familien som ei svært flink og triveleg jente med mange vener.

–Flott elev

Bergum hadde nettopp fullført vidaregåande skule. Dei første to åra av vidaregåande var den unge jenta elev ved Olav Duun vidaregåande i Namsos.

Rektor ved skulen, Joar Grande, skildrar Lene Maria som ein veldig flott elev.

–I den tida ho var hos oss var ho ein utmerka, flott ungdom. Ho var sosial, interessert i internasjonale spørsmål, og godt likt, seier Grande til NRK.no.

Grande fortel også at Bergum var ein av ei gruppe elevar som var med på eit besøk til Sør-Afrika i løpet av skuletida som del av eit utvekslingsprogram skulen har med Pretoria Technical High School.

Mens Lene Maria budde i Namsos var ho også aktiv i hestesportmiljøet i byen.

– Aktiv og oppegåande

Det siste året på vidaregåande gjekk ho på medie- og kommunikasjonslinja ved Byåsen vidaregåande skule i Trondheim.

Rektor ved Byåsen vidaregåande, Knut Wold, fortel at Bergum utmerka seg som ein meget aktiv og oppegåande elev som medverka til at samhaldet i klassen var godt.

Skulen har fleire berørte elevar som har vore deltakarar på AUF-leiren på Utøya.

Skulle ha sommarjobb som journalistvikar

Måndag 1. august skulle Lene Maria starte i sommarjobb som journalistvikar i Namdalsavisa.

–Dette går inn på alle her i avisa, samtidig som det pregar heile byen og heile Namdalen, fortel sjefredaktør i Namdalsavisa Kim Riseth til NRK.no.

Riseth møtte Bergum i vår i samband med at ho heldt på med ei skuleoppgåve om medias oppgåve i samfunnet. Dette var noko ho var oppteken av, seier sjefredaktøren.

Etter sommarjobben i Namdalsavisa, var planen at Lene Maria skulle studere historie og språk i Barcelona.