Kong Harald holdt tale ved kroningsjubileet i Trondheim - Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix
Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

- Vi er rike på ferdaminne

Kong Harald takka for dei mange minna det norske folket har gitt han og dronning Sonja på kroningsferda.

- Vi er rike på ferdaminne, sa kong Harald i sin tale i høve kroningsjubileet i Trondheim, torsdag føremiddag.  

Kong Harald siterte forfattar Åsmund Olavsson Vinje, den gong han la ut på si ferd mot kroninga sommaren 1860:

" Å derfor til fjølls vil eg draga som døl, å kjenningen finna og gløyma meg sjølv. "

Hjarteleg mottaking

- Vinje brukte minst sju veker med skreppe på ryggen. Det går litt fortare i vår tid, sa kong Harald dei mange frammøtte ved Nidarosdomen.

Vidare takka han for all støtte og god mottaking kongeparet har fått på si ferd til Trondheim.

- No kan også vi seie oss rike på ferdaminne, sa kongen.

Ny skattekiste

Kong Harald snakka også om utstillinga av Riksregaliene i sin tale til folket. Han karakteriserte den permanente utstillinga som ei ny skattekiste.

- Olavsskrinet er forlengst ein saga blott, eg føler at vi no opner ei ny og heilt annleis skattekiste. Eit Haakon-skrin, med nasjonale klenodium frå ein konge som bar dei for aller siste gong, sa kong Harald.

Krona er symbol på fridom

Kong Haakon og dronning Maud blei krona 22. juni 1906, i dag for 100 år sidan. Riksregaliene har sidan den tid i eitkvart omstende vore fellesskapet sin eigedom.

- Det føles rett at Riksregaliene no blir gjort tilgjenglege for alle. Noregs krone vil framleis vere symbolet på ein fri, sjølvstendig og demokratisk nasjon, avslutta kong Harald.

Kongefamilien får seinare torsdag omvising i den nye Riksregalie-utstillinga.

 

 

I dag ble nominasjonene til Heddaprisen kjent og Trøndelag teater er nominert til hele 7 priser. Det er fremragende prestasjoner innen scenekunst som skal honnoreres. To av teaterets nominerte møttes i dag.
Fylkesveg 30 gjennom Haltdalen blir ikke åpnet igjen før over helgen. Sikringarbeidet der raset gikk er mer omfattende enn først antatt, og Vegvesenet har nå bestemt seg for å sikre en gang for alle.
Endring i livsstil kan forebygge sykdom, og fastlegene henviser stadig flere til Frisklivssentralene i kommunene. Over 150 Frisklivssentraler er etablert, og mange er i startfasen også i Trøndelag.