Hopp til innhold

- Merka at noko var galt

Kusken, som køyrde hesten som døydde på Leangen travbane i går kveld, merka at alt ikkje var som det skulle under løpet.

Thomas Mjøen
Foto: Morten Andersen / NRK

- Vi låg i tet og han fekk problem med pusten. Eg prøvde å signalisere til dei bak meg at noko var galt og styre hesten inn på indre del av bana, men han responderte ikkje, så eg måtte hoppe av, seier kusk Thomas Mjøen til NRK Trøndelag.

Sjå dei dramatiske bileta: Travhest sprang i døden

Like etter stupte hesten. I dag sit Thomas Mjøen heime i stova på Melhus og tenkjer over det han var med på i går kveld.

Travhest døde
Foto: Kanal H

Travhesten hans Ånøyknekten låg i tet etter omlag 700 meter av løp nummer åtte, då den fall om. Mjøen blei sjølv overkøyrd av fleire hestar, men var heldig som slapp unna den dramatiske travulykka utan alvorlege skadar.

- Eg har fått eit brot i handleddet. I tillegg har eg litt vondt i ein fot og er ganske mørbanka i kroppen, seier Mjøen. 

I alt tolv hestar og tolv kuskar var involvert i massevelten. 

Fin form før løpet

Laila Næve

Laila Næve

Foto: Morten Andersen / NRK

Det var ekteparet Laila og Anders Næve som eigde Ånøyknekten.

Dei har ikkje merka noko unormalt med hesten som seinast 8. desember i fjor vann eit løp på Leangen. I alt har han køyrd inn pengepremiar for 140 000 kroner.  

- Vi merka ikkje noko på hesten før løpet i går. Han var roleg og i fin form, seier Laila Næve til NRK Trøndelag.  

Både ho og mannen er sterkt prega av det som skjedde i går.

Usamde om dødsårsak

Det er ikkje slått fast kvifor hesten døydde under løpet på Leangen. Stevneveterinær Jostein Rekstad var ein av dei første som kom bort til Ånøyknekten. Han prøvde å oppattliving av dyret, men livet stod ikkje til å redde.

Rekstad trur hesten sval tunga under løpet og fall om på grunn av oksygenmangel.

- Hesten døydde truleg av hjartestans, er kommentaren frå sportssjef Arngrim Søpstad.

Køyrde ferdig løpet

Løpet på Leangen blei stoppa rett etter ulykka, men blei køyrd om igjen vel førti minutt seinare.

Både publikum og funksjonærar på Leangen var prega av det som skjedde.

Hesten blir ikkje obdusert, men sendt til destruksjon.