Hopp til innhold

Bjørg (31) jobbar opp til 120 timar i veka

Bjørg Bakke er fastlege i Lakselv. Som lege i distriktet kjenner ho på stor arbeidsbelastning. Enkelte veker har ho arbeidstid på opp til 120 timar.

Bjørg Bakke (31) distrikslege i Finnmark.

Bjørg Bakke (31) er fastlege i Lakselv. Som lege i ei lita kommune kjenner ho på stor arbeidsbelastning. På det meste har ho arbeidstid på 120 timar i løpet av ei veke.

Foto: Troy Gulbrandsen / Den Norske Legeforening

Det er ingen åtte til fire jobb å vere legevakt rundt om i vårt langstrakte land. Når andre kan gå heim for å slappe av, må distriktslege Bjørg Bakke framleis vere budd til å rykke ut.

Ho er lege i Lakselv, i Porsanger kommune, med rundt 4000 innbyggarar.

– På ei vanleg veke jobbar eg 37,5 timar på dagtid med fastlegepasientar, men etter jobb har eg også legevakter. Desse varierer frå veke til veke. I vekene eg jobbar mest, blir den totale arbeidstida på rundt 120 timar.

Når ho jobbar minst, har ho likevel ei arbeidstid på over 50 timar. Som fastlege har ho som plikt overfor kommunen til å jobbe legevakter på kvelden og natta.

– Dette er eit særleg problem i distrikta med få fastlegar. Det er færre legar til å dele desse vaktene på enn i byane. Dermed blir belastninga høg.

Enkelte netter har ho rykka ut på akutte hendingar, vore oppe heile natta, for så å møte pasientar att klokka 08.00.

– Under beredskapsvaktene pliktar eg å vere på jobb innan 5 minutter. Då er det vanskeleg å ha eit liv utanom.

Bjørg Bakke er lege i Lakselv.

Bjørg Bakke seier det er vanskeleg å kombinere fastlege-yrket med eit familieliv.

Foto: Troy Gulbrandsen / Den norske legeforening

Kan ikkje ha familie og barn

– På sikt har eg lyst til å få barn, men eg ser ikkje korleis det skal vere mogeleg slik som eg har det i dag. Det er ikkje tid til partnar, barn eller vener.

Bjørg er oppgitt over situasjonen og bekymra over ordninga. Det er alt eit problem med å få legar til distrikta, men med denne ordninga kan det bli enda verre på sikt.

– Dei fleste som jobbar slik som eg gjer no, vil komme til å prioritere å ha eit liv på sikt. Då sluttar ein i jobben. Eller så blir ein i verste fall utbrent ved å sjonglere.

Òg Bjørg Bakke er langt frå aleine. Tidsbruksundersøkingar frå Helsedirektoratet omtalt i vg.no viser at distriktslegar som går legevakter i gjennomsnitt jobbar 70 timar i veka. Dei viser også at 1 av 10 legar i mindre kommunar jobbar meir enn 100 timar legevakt per veke.

Legevakt

Kommunale legevakter kan bli ramma dersom legestreiken blir ein realitet frå neste måndag.

Foto: NRK

Krav frå Legeforeninga

Legeforeningen meiner arbeidsbelastninga til fastlegane blir for stor når legevaktene kjem på toppen av den normale arbeidstida, og at dette skjer utan at legen kan setje ei grense sjølv for kor mange vakter ein blir pålagd.

Frå den 26. oktober ligg det an til å bli ein omfattande legestreik over heile landet.

KS, som er kommunesektorens interesse -og arbeidsgjevarorganisasjon i Noreg, svarer at heile systemet er bygd på at fastlegar skal gå legevakter.

Dei meiner at heile legevaktordningar blir sett på spel, dersom legane sjølv skal kunne avgjere mengda på legevakter.

– Dette er eit viktig krav frå legane og Legeforeningen. Legane kan sjølvsagt få lov til å jobbe meir, men då må arbeidsgjevar spørje først. No er dette pålagt. Det fører til at legar som meg er pressa til ei arbeidstid på opp til 120 timar i veka, seier Bakke.

Kan streik bli løysinga?

Helseminister Bent Høie understrekar at han ikkje er part i konflikten, men at han følger situasjonen nøye.

Helseminister Bent Høie står foran en rød murvegg iført flerfarget slips og blå dressjakke.

Helseminister Bent Høie følger situasjonen nøye. Han er bekymra dersom legane går ut i streik.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg er bekymra dersom det blir ein streik. Då har Helsetilsynet oppgåva med å vurdere om ein streik eventuelt utgjer ein risiko for liv og helse, seier Høie til NRK.

Han seier legevakttilbodet alltid er viktig, men at det er ekstra viktig i den situasjonen landet står i no.

– Men streik er eit lovleg verkemiddel, også for helsepersonell, seier Høie.

Føler eit stort ansvar

– Eg er personleg ansvarleg for mine pasientar. Dersom eg gjer ein feil kan det få store konsekvensar for både pasienten og for meg sjølv som må leve med det. Samtidig blir eg pressa til å jobbe 120 timar, sjølv om eg ikkje ønskjer det, seier Bakke.

No har ho blitt eit av «ansikta overfor omverda» til Den norske legeforening i ein video dei har lagt ut på Facebook. Den han spreidd seg som eld i tørt gras.

– Det var litt ufrivillig, men det viser jo at også folk er engasjert. Ein er jo opptatt av at legen ein møter, som ofte har livet til pasientane i sine hender, er opplagt og klar i hovudet.

Frå den 26. oktober ligg det an til å bli ein omfattande legestreik over heile landet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark