Hopp til innhold

Veden går unna på Karlsøyfestivalen

– No har eg treller i hendene etter å ha stått med motorsaga, fortel vedansvarleg Ståle Brox.

Stemningsbilde frå Karlsøyfestivalen

Karlsøyfestivalen held til på Karlsøya i Nord-Troms. Øya har eit areal på knappe åtte kvadratkilometer.

Foto: Karlsøyfestivalen

Kaldt vêr har fått opp vedforbruket på årets Karlsøyfestival.

Tre til fire traktorlass med ved om dagen går det med for å halde bålkosen gåande på den vesle festivalen.

Karlsøyfestivalern omtaler seg sjølv som ein fest for og ei feiring av alle positive motkrefter, og har i tillegg til musikk og film, foredrag om motstandsrørsler frå rundtomkring i verda.

Høgt vedforbruk på Karlsøyfestivalen

EVIG VEDANSVARLEG Ståle Brox er ein av få fastbuande på Karlsøya. – Når festivalen er ferdig skal eg i gong med å sage ved til butikken her på øya.

Foto: Svein-Egil Haugen

Musikk og politikk er i fokus, men kalde kroppar lyttar dårleg, så jobben med å halde båla i gong er viktig.

– Eg trur bålkosen er ein veldig viktig del av festivalen, seier Ståle Brox, som eigenhendig sørger for at all veden er kløyva og klar.

– Når det ikkje er musikk på scena, så sit folk rundt båla, fortel han.

Stabile besøkstal

Karlsøyfestivalen starta på tysdag, og vert avslutta i morgon. Talet på besøkande har vore om lag same som i fjor.

– Vi ligg på rundt 300-400 betalande, i tillegg til 100 artistar og 100 frivillige, fortel festivalkoordinator, Svein-Egil Haugen.

Fleire hundre festivalglade menneske på ein stad med høg båltettleik gjer at ein må passe på.

– Til tider så ser ein nokon som har fått seg ei øl for mykje. Då må vi følge med på at dei stabbar forbi bålet, og ikkje oppi det, seier Brox.