Hopp til innhold

Utforkøyring var ikkje utforkøyring likevel

Politiet melde først om ei utforkøyring sør for Bjerkvik i Nordland, men melder no at det dreier seg om ein påkøyrsel.

Bjerkvik

Ein sjåfør brøyt vikeplikta då ho køyrde ut på E6, rett sør for Bjerkvik. Det resulterte i ein påkøyrsel frå ein anna bil som kom køyrande på E6.

Sjåføren i bilen på E6 bremsa kraftig opp før samanstøyten, noko som minska krasjet mellom dei to bilane. Sjåføren som brøyt vikeplikta er sendt til helsesjekk, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar.

Føraren som var årsak til kollisjonen har erkjent forholdet og vil bli bøtelagt, melder politiet.

Dei to bilane blei ståande på ei utkøyring på motsett side av vegen, etter samanstøyten.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark