Hopp til innhold

Tromsømann kan få ti år i fengsel for narkotika

Skal ha oppbevart fleire kilo hasj heime.

tingretten

Neste veke må ein mann i tjueåra og ei kvinne på same alder møte i Nord-Troms tingrett i ei narkotikasak.

Foto: Petter Strøm / NRK

Ein tromsømann i tjueåra må neste veke møte i Nord-Troms tingrett, tiltala for grov narkotikakriminalitet.

Mannen skal ha oppbevart nærmare 3,5 kilo hasj i sin eigen heim og i bilen, og statsadvokaten ser på dette som eit grovt brot på straffelova.

Ifølgje tiltalen frå statsadvokatane i Troms og Finnmark, skal mannen ha brote straffelova §162 annet ledd.

Der heiter det at «grov narkotikaforbrytelse straffes med fengsel inntil 10 år. Ved avgjørelsen av om overtredelsen er grov, skal det særlig legges vekt på hva slags stoff den gjelder, kvantumet og overtredelsens karakter».

Lovbrotet kan straffast med fengsel i inntil 10 år.

Ei kvinne i tjueåra må møte i retten saman med mannen. Ho skal ha oppbevart ein mindre mengde hasj i mannens bil. For dette lovbrotet kan ho få fengsel i inntil to år.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark