Hopp til innhold

Snart står sengane klare til utskrivingsklare pasientar

Tromsø kommune klarer framleis ikkje å ta imot alle utskrivingsklare pasientar frå UNN. Men no opnar ei ny korttidsavdeling som skal bøte på problemet.

Mellomveien 100 sett utanfrå

Korttidsavdelinga på Mellomveien 100 er snart klar til å ta imot 28 korttidsplassar for utskrivingsklare pasientar. Avdelinga opnar 8. juni.

Foto: Marit Garfjeld / NRK

I fleire år har Tromsø kommune slite med å gje eit tilbod til utskrivingsklare pasientar frå UNN. Dette er pasientar som er for friske til å vere på sjukehuset, men som er for sjuke til å dra rett heim eller å bli overført til ein sjukeheim.

NRK har fleire gongar omtala Tromsø kommune sitt problem med for mange utskrivingsklare pasientar som blir liggande på UNN.

Dette er no i ferd med å betre seg: 8. juni er det offisiell opning for 28 nye korttidsplassar på Mellomveien 100. Åtte pasientar har fått plass allereie, under prøveopninga.

– Pasientgruppa her er i hovudsak utskrivingsklare pasientar frå UNN. Det er dei som står i kø for å kome inn her, fortel avdelingsleiar Ailin Steffensen.

Ailin Steffensen, avdelingsleiar ved Mellomveien 100

Ailin Steffensen er avdelingsleiar for korttidsavdelinga ved Mellomveien 100 som opnar 8. juni.

Foto: Marit Garfjeld / NRK

Avdelinga, som held til i det som før blei kalla «Vanførehjemmet», er fullstendig renovert og er nytt innvendig.

Korttidsavdelinga skulle ha vore opna i fjor haust, men opninga har vore utsett på grunn av byggtekniske problem.

– Det har vore mykje styr å få bygget på plass, vi har kvalitetssikra bygget, og så måtte vi ha ein litt mjukare start med litt færre pasientar, slik at vi har fått lært opp dei tilsette og tatt barnesjukdomane som dei har kome, seier Steffensen.

– Det akutte behovet vil bli løyst

Pasientane som får plass på den nye korttidsavdelinga, skal få rehabiliteringstilbod slik at dei får trent seg opp før dei kan reise heim igjen.

Kommunen har lenge slite med mangel på plassar til utskrivingsklare pasientar, noko som har ført til at pasientane har blitt liggande på sjukehuset og lagt beslag på pasientsenger der.

Byråd for helse og omsorg i Tromsø, Gunhild Johansen, seier at opninga ikkje vil fjerne problemet med at utskrivingsklare pasientar blir liggande på sjukehuset.

Gunhild Johansen, gruppeleiar Tromsø SV

Byråd for helse og omsorg i Tromsø kommune, Gunhild Johansen, seier det akutte behovet for korttidsplassar vil bli løyst når avdelinga på Mellomveien opnar i juni.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Det akutte behovet vil bli løyst no, men så veit vi at dette er noko som berre vil auke, slik at vi på hausten kan ha utskrivingsklare pasientar som blir liggande på UNN.

1. august neste år skal det nye helsehuset etter planen stå klart, og der skal det vere 69 senger.

– Da vil vi også kunne ta unna ein del, men problemet vil ikkje vere løyst før vi i 2018 har det nye bu- og servicesenteret Otium på plass, seier byråden.