Hopp til innhold

Nettkurs skal gjere det lettare å avdekke overgrep mot barn

Ved hjelp av eit nettkurs skal det no bli lettare for alle som jobbar i skule og barnehage å avsløre vald og overgrep mot barn.

Trist barn

Eit nytt nettkurs skal lære tilsette i barnehagar, barneskular og SFO å oppdage teikn som tydar på at barna har blitt utsett for overgrep. Illustrasjonsfoto.

Foto: Laurence Mouton / Colourbox

Det er fagmiljø i Tromsø og Narvik som har utvikla kurset, som det vert knytt store forventningar til.

Nettkurset rettar seg mot personell i barnehage, barneskule og SFO, og ved hjelp av dette kurset skal det bli enklare for dei tilsette å sjå faresignal hos barn som er utsett for overgrep.

Eivind Pedersen, Fylkesmann i Troms
Foto: Anders Aasheim / Fylkesmann i Troms


– Vi har store forventningar og er glade for at dette kurset har blitt gratis, seier Eivind Pedersen hos fylkesmannen i Troms.

Lettare å melde ifrå til politi

Det er Regionalt ressurssenter om vald og traumatisk stress som har stått for utviklinga av kurset. Prosjektleiar er psykologen Dagfinn Sørensen, som seier behovet hos dei som jobbar med barn.

Dagfinn Sørensen

Psykolog Dagfinn Sørensen håpar nettkurset vil nå alle som jobbar med barn, i barnehagar og skule.

– Tilbakemeldingane tilseier at det er stor etterspørsel, og at mange ønsker seg fagdagar og kurs. For å nå flest mogleg har vi utvikla dette nettkurset. Vi ønsker å nå mange, og forhåpentlegvis alle tilsette, ufaglærte og faglærte, i barnehagar, barneskular og SFO, fortel Sørensen.

Psykologen oppfordrar dei tilsette til å ta kurset saman og sitje i grupper for å få inn grunnkunnskapen om vald og overgrep mot barn.

– Forhåpentlegvis vil dette gjere at personalet veit kva dei skal sjå etter, og dermed kan melde ifrå til politi viss dei ser teikn til overgrep, seier Sørensen.

Kan nyttast som oppslagsverk

Håpet er no at kurset skal spreie seg over heile landet, men først er det altså Nord-Norge som står for tur.

Eivind Pedersen trur nettkurset vil få stor betydning for barn og vaksne.

– Eg trur det vil føre til at dei som kanskje ikkje kjem seg på kurs og konferanse kan sitje heime og på jobb i grupper og studere kurset.

Det kan vere vanskeleg for mange å snakke om overgrep mot barn, men både Sørensen og Pedersen håpar at kurset vil gjere at dei vaksne får opp motet og tør å sjekke opp teikn på overgrep.

– Her er det kursmateriale som kan nyttast som oppslagsverk, og dei tilsette kan sjekke lovar og regler, symptom og råd om kva ein skal gjere om ein har sett noko urovekkande, seier Pedersen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark