Hopp til innhold

Rasar mot alkoholreglar på Hurtigruten

Reglane for kor mykje alkohol du kan ha med deg på Hurtigruten, får passasjerar til å steile.

Sørgående hurtigrute MS Polarlys med kurs for Sortland, Andøya i bakgrunnen.
Foto: Trond Gansmoe Johnsen

– Det er umenneskeleg, rett og slett, seier Knut Thyholdt Reibo.

Mora og tanta til Reibo, begge damer på over 80, har kjøpt seg ein tur med Hurtigruten og skal reise frå Bergen til Tromsø. Ein tur dei har gleda seg til. Men da damene fekk tilsendt eit skriv med praktisk informasjon i forkant av reisa, kom det eit skår i gleda.

Det første ein kan lese i skrivet, er alkoholreglement for reiser med Hurtigruten.

Der står det at maksimum to flasker med alkoholhaldige drikkevarer kan vere med i bagasjen. Alt over dette vil bli fjerna og returnert til den reisande ved slutten av reisa. All alkohol som blir kjøpt utanfor skipet på reisa skal bli sjekka i resepsjonen for registrering.

Det vil med andre ord seie at passasjerane må kjøpe all annan alkohol om bord på skipet.

– Heilt bak mål

Dette fekk damene, og Reibo, til å reagere.

– Eg synst det er heilt bak mål, spesielt å drive kontroll av vaksne menneske på denne måten. Årsaka må jo vere at dei ønsker å selje meir om bord, seier Reibo.

Han synst reglementet er svært firkanta, og at det handlar om profitt.

(Saka held fram under bildet.)

Alkohol

To flaskar alkohol kan du ha med deg, ifølgje Hurtigruten sitt reglement – resten må du kjøpe i baren.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Dei kan jo sikkert argumentere med om at dei ikkje vil ha fyll om bord, men dette er ikkje måten å gjere det på. Gjennomsnittsalderen på langdistansereiser er nok godt over 50 år, og da er det jo ikkje snakk om fyll.

Kva synst damene sjølv om dette?

– Dei synst det er merkeleg. Ho eine hadde tenkt å ha med seg ein dunk med vin å ha på lugaren, men den er det jo fire flasker i. Det er jo ikkje heilt rett at to 80 år gamle damer blir nervøse for om dei får med seg ein dunk vin eller ikkje, seier Reibo.

– Eit spørsmål om tryggleik

Kommunikasjonsrådgjevar i Hurtigruten, Stein Lillebo, forstår at regelverket verkar noko uklart. Lillebo seier dei no vil sjå på regelverket.

(Saka held fram under bildet.)

Stein Lillebo

Kommunikasjonsrådgjevar i Hurtigruten, Stein Lillebo.

Foto: Art Rent AS

– Eg skjønner at det kan skape reaksjonar. Regelverket er ikkje klart nok, og det kan vere to flasker øl eller det kan vere to flasker brennevin. Her har det nok gått for fort, seier Lillebo.

Korleis følgjer de dette opp?

– Det er ei utfordring. Vi kan oppmode og oppfordre gjestar, men det lar seg ikkje gjere å gå igjennom all bagasje frå alle passasjerar.

Lillebo meiner likevel det er eit spørsmål om tryggleik når selskapet legg avgrensingar på kor mykje alkohol passasjerane får lov til å pakke med i bagasjen.

– I baren er det personell som kan passe på om passasjerane blir overstadig rusa. Det kan vi ikkje kontrollere når passasjerane er på eiga hand i lugaren, seier Lillebo.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark