Hopp til innhold

Mathilde er snart to år - og allereie ordsmed for Språkrådet!

Det er ikkje berre vaksne som kan finne på nye ord til det norske språk. Mathilde på snart to år kan nemleg også det!

Mathilde (2 år) og mamma Gunhild Guttvik

Mathilde (snart 2 år) og mamma Gunhild Guttvik fann opp eit nytt ord i kveldsstellet.

Foto: Privat

– Ho har veldig mykje språk til å vere så lita, og ho er veldig opptatt av ord og lydar. Og ho har allereie lært seg store delar av alfabetet!

Det fortel mamma Gunhild Guttvik, som vart litt forbausa da jentungen kom med eit ord ho aldri før hadde høyrt.

– Eg skulle stelle Mathilde for kvelden, og ho skulle ha på seg ein nattdrakt med to glidelåsar, ein oppe og ein nede. Da peikte ho plutseleg på dei to metallhempene på glidelåsen, og sa: "Æ har to glidenøkla!".

Mathilde (2 år) og mamma Gunhild Guttvik

Mathilde, mamma Gunhild og 'glidenøkkelen'.

Foto: Privat

Språkrådet: Eit nyord

– Eg trur at barn ofte er meir kreative og frie i tankane når det gjeld språk, og det er jo eigentleg utruleg artig. Frå no av skal eg ta ein pause og verkeleg lytte til det barna seier.

Guttvik tenkte at ordet var såpass bra at ho la det ut på Facebook for å høyre kva andre synst om det. Og responsen var god.

– Eg fekk masse kommentarar, og tenkte at eg måtte gjere noko meir med det Så eg sendte ein mail til Språkrådet, og dei syntes det var eit flott og fengande ord. Dei kunne også bekrefte at det var eit nyord, altså eit nytt norsk ord.

– Får høyre godt etter...

«Ordet «glidenøkkel» har vi ikke registrert før, så det kan nok regnes som et nyord. Metallbiten som man drar glidelåsen med fungerer jo som en slags nøkkel, den åpner og lukker nattdrakta. Man bruker jo en nøkkel på en lås.

Jeg må si at ordet er ganske treffende og fungerer veldig godt. Når barnet har brukt ordet «nøkkel» i «glidenøkkel», bruker hun enn annen mekanisme for å lage nyord, nemlig laging av metaforer,» skriv seniorrådgjevar Ole Våge Språkrådet i ein e-post til mamma Gunhild.

Men - ein lang prosess gjenstår for å få nyordet inn i ordbøker. Da må det bli brukt i eit kvardagsspråk.

Mathilde er jo berre to år. Trur du ho kjem til å finne opp fleire ord?

– Det kan godt hende, eg får berre høyre godt etter, flirer Guttvik.