Hopp til innhold

Marion (20) peiker ut den nye vegen for Arktisk Råd

Marion Aslaksen Ravna studerer til vanleg juss ved Universitetet i Tromsø. Men i helga har ho vore langt unna lesesalen.

Marion Aslaksen Ravna

Marion Aslaksen Ravna (20) er jusstudent ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Privat

Da Arktisk Råd hadde møte i Ottawa i Canada, fekk Ravna og tre andre norske ungdommar delta i ein workshop for å finne den vidare vegen for arbeidet i rådet.

Ravna håpar bidraget skal føre til eit sterkare fokus på urfolk i Arktisk Råd.

– Vi har jobba i grupper på workshopen for å skape det ein kallar "policy goals" for kva Arktisk Råd skal jobbe med framover. Da har vi vore delt opp i grupper etter interessene våre, og så har vi fremma saker som er viktige for oss og kome med løysingar på problema, fortel tjueåringen til NRK.

– Så eg har tatt opp det med urfolksrettar, og eg meiner Arktisk Råd må vere tydelegare på kva dei rettane inneber og korleis statane skal følgje dei opp.

I tillegg til å vere jusstudent, har Ravna lenge vore aktiv i den samiske ungdomsorganisasjonen «Noereh!»

Viktig å få med urfolkspørsmål

Marion Aslaksen Ravna er ein av deltakarane som har kome med sine forslag til Arktisk Råd. Ho meiner urfolksspørsmål blir vektlagt for lite.

– Dessverre. Det er ikkje det store temaet enda for Arktisk Råd. Vanlegvis snakkar dei om utvikling og næring og klimaspørsmål, seier den engasjerte jenta.

– Kor viktig er det at slike spørsmål er ein del av Arktisk Råd?

– Det er kjempeviktig, seier ho ivrig og held fram:

– Arktisk råd er jo unikt, fordi det samlar åtte arktiske statar, samtidig som dei også har med dei permanente medlemmene av rådet, som er urfolksorganisasjonar. Du finn ingenting liknande i verda, kor dei statane sitt ved same bord som urfolksorganisasjonar, og kor alle medlemmene har ei lik stemme.

Aili Keskitalo, Gunn-Britt Retter og Jimmy Stotts

Sametingspresident Aili Keskitalo, Samerådets rådgiver Gunn-Britt Retter og president i Inuit Circumpolar Council-Alaska Jimmy Stotts på vei til ministermøtet.

Foto: Thomas Rohner / Nunatsiaq News

Eit godt utvikla forum

Resultata frå workshopane skal no samlast i eitt dokument, som skal overleverast til leiinga i Arktisk Råd i oktober. Ravna trur urfolksspørsmål kjem til å få ein stor plass i det vidare arbeidet.

– Det er jo ein unik situasjon, kor urfolk kan samarbeide, både med kvarandre og med dei andre statane. Og dette rådet er jo godt utvikla som eit forum for å ta opp slike saker. Derfor synst eg det er viktig at urfolksspørsmål får ei sentral stilling. No utvidar rådet seg og blir større, og da synst eg også at urfolksspørsmål må få ein plass.

Kva tar du med deg heim frå dette møtet?

– Masse ny kunnskap! Eg har lært masse og møtt nye folk, så eg tar mykje med meg heim, seier Ravna.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark