Hopp til innhold

Leiros og Borch i leiinga av Troms Senterparti

Troms Senterparti har i eit ekstraordinært årsmøte i Tromsø valt ny leiing i partiet – 38 dagar før valet.

Troms Senterparti på stand i Tromsø

Svein Leiros (til venstre) er valt til ny leiar av Troms Senterparti på eit ekstraordinært årsmøte i dag. Sandra Borch er valt til første nestleiar. I midten er fylkesråd for samferdsel, Ivar B. Prestbakmo.

Foto: Privat

– Det er sjølvsagt stort å bli valt som leiar for Troms Senterparti, og det er eit stort oppdrag som eg ser fram til å utføre.

Det seier ein nyvalt leiar av Troms Senterparti, Svein Leiros frå Kåfjord. Leiros har vore konstituert leiar av partiet i Troms etter at tidlegare fylkesleiar Irene Lange Nordahl trakk seg 1. juni i år.

Bakgrunnen var ein krevjande situasjon etter at det oppstod fleire konfliktar rundt nominasjonsprosessar i lokallaga i Tromsø og Gratangen.

Borch som første nestleiar

Leiros seier til NRK at bråket innanfor partiet no er historie.

Er dette eit punktum for bråket som har vore i partiet?

– Bråket har vi no lagt bak oss og no ser vi framover. Ofte er det bråk i nominasjonsprosessar, det er det i alle parti her i landet, men dette er ikkje noko vi har brukt krefter på i dag.

Leiros vart samrøystes valt til ny leiar av fylkespartiet, noko han er svært glad for.

– Eg er utruleg glad for støtta lokallaga har vist meg, det gjer jobben enklare at partiet er samla rundt ein person. Men når det er sagt, så er eg berre fylkesleiar, vi er eit heilt fylkesstyre som skal trekke dette lasset saman.

Tidlegare leiar av Senterungdommen, Sandra Borch frå Lavangen, er valt som første nestleiar i Troms Sp.

– Ho er ein aktiv og profilert politikar, som er ute i gatene og snakkar med folk, avsluttar Leiros på telefon frå stand i Storgata i Tromsø.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark