Hopp til innhold

Her aksjonerer dei i Brasil mot norsk torskefiske ved Svalbard

Greenpeace aksjonerer verda over for å vise motstand mot torsk fanga rundt Svalbard. Havfiskeflåtens organisasjon, Fiskebåt, er ikkje einig i kritikken.

Greenpeace aksjonerer i Brasil

Greenpeace aksjonerte førre veke framfor den norske ambassaden i Brasil.

Foto: Adriano Machado / Greenpeace

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– På same måte som nordmenn bryr seg om regnskogen i Brasil, bryr brasilianarar seg om Arktis. Dei er uroa for naturverdiane rundt Svalbard, seier rådgjevar i Greenpeace, Halvard Raavand.

I ein rapport hevdar Greenpeace at trålfiske ved Svalbard øydelegg sårbar havbotn som tidlegare var beskytta av isen.

Portrettfoto av Halvard Raavand

Halvard Raavand, rådgjevar i Greenpeace, seier dei vil ha ein stopp i trålfisket rundt Svalbard.

Foto: Greenpeace

Rapporten - og uroa - sprer seg verda rundt. Førre veke demonstrerte ei gruppe på 10-15 aksjonistar utanfor den norske ambassaden i Brasils hovudstad Brasilia. Kravet frå demonstrantane er at Norge skal slutte med trålfiske i havområda rundt Svalbard.

– Det er ein stor torskeeksport som går frå Norge til Brasil. Dette er eit tydeleg signal om at brasilianarane ikkje vil ha varer som kjem frå øydeleggingar av Arktis, seier Raavand.

Utgjer 13,7 prosent

Ifølgje Fiskeridirektoratet er det til saman 189 trålarar som har fått lisens til å fiske i Barentshavet i år. Av desse er 30 norske. Blant dei andre trålarane er 96 russiske.

– Årsaka til at vi kritiserer Norge, er at det er Norge som forvaltar desse områda, og da er det også Norge sitt ansvar å verne desse områda, seier Raavand.

I 2015 fanga norske fartøy i overkant av 325 millionar tonn torsk i norske område. Av desse, var 48,3 millionar tonn fanga i Svalbardsona av norske fartøy, opplyser Råfisklaget. Torskefisket i Svalbardområda utgjorde dermed 13,7 prosent for norske fangstfartøy i fjor.

Må kunne tilby heile året

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen seier at han ikkje har mottatt henvendingar frå Brasil eller andre land knytta til dette, men seier han har registrert motstand frå Greenpeace. Helgesen seier han stussar over at Norge får kritikk.

– Det er ingen mangel på langt mindre berekraftige fiskerier som kunne ha vore valt ut for denne type kampanje. Det bør jo vere eit mål å få konsumet av fisk bort frå dei dårleg forvalta bestandane og over på dei fiskeriane som er berekraftige, skriv Helgesen i ein epost til NRK.

Vidar Helgesen

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen har merka seg motstanden, men har ikkje mottatt henvendingar frå Brasil eller andre land rundt denne problematikken.

Foto: Bjorn H Stuedal / Stuedal

Jan Ivar Maråk er utgreiingsleiar i Fiskebåt, Havfiskeflåtens organisasjon. Han er ikkje samd i kritikken frå Greenpeace:

– Det er trasig at dei angrip norsk fiskeriforvaltning. Norge har brukt mange hundre millionar for å kartleggje havbotn, og har gjort mange tiltak og fleire kjem. Likevel blir vi ei skyteskive. Andre land som ikkje har gjort noko som helst, slepp unna det kritiske søkjelyset.

Portrettfoto av Jan Ivar Maråk, utgreiingsleiar i Fiskebåt

Jan Ivar Maråk i Fiskebåt er ikkje einig i kritikken frå Greenpeace.

Foto: Pressefoto, Fiskebåt

Maråk meiner det er feil av Greenpeace å påstå at områda rundt Svalbard er jomfruelege område som ikkje har vore utset for fiske før.

– For torskefisket er det nokre månadar på hausten dette området er viktig. Det er viktig om vi skal kunne tilby torsk til marknaden heile året.