Hopp til innhold

Forskarane har aldri funne skipsvrak så langt nord før no: – Dette er berre starten

Det tyske skipet «Figaro» er eitt av om lag tusen forlis som ligg på havets botn i arktiske havområde. No kan ny teknologi hjelpe forskarane å finne vraka som fortel historiene om eit tapt Europa.

UNIS-studentar og ROV

Masterstudent Lars Brusletto held ein mini-ROV, bak står professor Kjell Larsen.

Foto: UNIS/NTNU

– Det såg veldig bra ut, og store delar er intakt. Ifølgje sjøforklaringa brann skipet i 1908, og så sank det. Det er vanskeleg å seie kva som er spist opp etter at det sank, og kva som gjekk bort i brannen, men det er i veldig god stand.

Slik skildrar Øyvind Ødegård funnet av eit over hundre år gammalt skip som no ligg under havets botn i Trygghamna på Svalbard. Han er doktorgradsstipendiat ved NTNU og jobbar innanfor fagfeltet marin arkeologi.

Før vi held fram med det her, så må du nesten fortelje meg kva marin arkeologi er.

– Det dreier seg om arkeologi og fortidsminner som finst under vatn. Eg forskar på minner under vatn i arktiske strøk, seier Ødegård entusiastisk.

Havområde

Eitt av tusen forlis?

Og entusiasmen til forskaren smittar.

Ødegård fortel at i havområda mellom Grønland og Novaja Semlja, eit område på storleik med Europa, er det estimert å ha skjedd tusen forlis til havs i perioden frå 1600-talet til andre verdskrig.

For kvart forlis finst det eit skip som har gått ned, med eller utan mannskap.

Men i eit område som liknar eit kontinent i storleik, er det ikkje berre enkelt å finne vraka. Nokre finn vi kanskje aldri igjen. Nokre historier om menneskeliv og ekspedisjonar vil vi aldri oppdage, dei vil aldri bli kjent.

Andre skip veit forskarane posisjonen til, og det er derfor enklare å finne dei igjen, fleire meter under havets overflate.

Sjølvsagt er det lett å drøyme seg bort til tapte verder og gløymde historier når ein tenker på alt som kan liggje der nede, uforstyrra og hemmeleg.

Av desse tusen forlisa, er det ikkje mange vrak som er oppdaga og undersøkt. Faktisk så få at ein kan telje dei på ei hand, ifølgje Ødegård.

Og no har altså forskarane funne det nordlegaste vraket, i Trygghamna på Svalbard. Der ligg det tyske skipet «Figaro», som sank etter ein brann i 1908.

Printscreen av rapport

Montasje. Ein har ikkje funne foto av skipet «Figaro», men det er av same type som fartøyet på bildet, som er eit gamalt postkort frå Svalbard.

Foto: Montasje

«Hemmeleg» i åtte år

Historia om «Figaro» kunne ha levd vidare, i maritime museum og i oppslagsverk, utan større sak og ståhei.

– Men i 2007 var det ein frå Statens kartverk som oppdaga skipet, og det blei registrert som eit mogleg vrak. Dette har ikkje vore undersøkt for no, fortel Ødegård, og legg til at Kartverket berre har hatt ekkolodd-data frå funnstaden.

– Korfor har vi ikkje høyrt om dette før?

– Det er først no for 14 dagar sidan at vi har fått undersøkt det, og stadfesta at det faktisk er eit verna kulturminne. Eg fekk kjennskap til funnet via Sysselmannen. Og det er berre ein handfull menneske som jobbar innanfor dette feltet, seier Ødegård.

Oljekokeriet som brann

Skipet «Figaro» blei bygd i Geestemünde i Tyskland i 1879, og vart bygd i tre. Ifølgje forskar Dag Nævestad blei store delar av kvalfangsten langs Finnmarkskysten rundt 1900-talet flytta til Svalbard i ein periode.

Det blei stadig vanlegare å bygge om seglskuter til flytande kokeri, kor oppgåva var å koke olje på kvalspekket som kvalfangstskutene drog inn. «Figaro» var eit av desse skipa som vart bygd om til eit flytande kokeri.

Kokeriet låg i Trygghamna ved Alkhornet i munningen av Isfjorden på Svalbard. I 1908 brann skipet og har sidan da ikkje sett dagens lys.

1. august 1908 vart det gitt frå seg sjøforklaring hos byfogden i Tromsø, kor kapteinen og fire vitnar vart avhøyrt.

I forklaringa er det klart kva som har skjedd, men det er likevel ikkje sikkert korleis det har skjedd. På formiddagen 25. juli 1908 har det oppstått ein brann i skipet som fekk heile fartøyet til å brenne, står det å lese i sjøforklaringa.

Skipsinspektøren henla saka fordi det ikkje var sikre opplysingar om det heile. Likevel kjem det eit tydeleg hint i forlisrapporten om kven som skulle skuldast:

Fyrbøter Andreassen maa klandres for hans formentlige uforsiktige omgang med ild, idet han brukte fyrstikker i stedet for lukket lampe.

Aarbog for Norges handelsmarine 1908

Strenge restriksjonar for ferdsel

Forskaren seier det i Norge er eit titals menneske som jobbar med fortidsminner under vatn i norske område. Svalbard har til no ikkje vore prioritert, mykje på grunn av store avstandar og krevjande forhold.

For i arktiske strøk er det ikkje berre å ta seg til rette. I havområda rundt Svalbard er det tryggleiksspørsmål og restriksjonar for ferdsel. Når det er kulturminne involvert, er det enda strengare.

– Det er ikkje berre å ta seg til rette for dykkarar med andre ord.

  • Sjå video av vraket her:
    Studentar og forskarar frå UNIS og NTNU har vore i Trygghamna på Svalbard og undersøkt vraket etter skipet "Figaro".

Heilt unikt

Det er sjølvsagt også eit spørsmål om teknologi. For det er først no at ein har god nok teknologi til å undersøke vrak under vatn, og det vert i stor grad nytta roboteknikk til å ta undersjøiske bilde og videoar.

I toktet der «Figaro» blei undersøkt og fotografert på nært hald, var det masterstudentar i marine operasjonar frå UNIS på Svalbard som fekk styre roboteknikken under vatn. Ødegård fortel at studentane syntest det var stort å vere med på forskingstoktet.

– Det var stor begeistring, og dei skjønte at det var noko heilt unikt. Det er ikkje så mange sjansar til å vere med på noko slikt, fortel Ødegård og held fram:

– Dette er første gongen vi får bruke det nyaste innanfor roboteknikk og vi har tatt bilde av vraket, slik at vi kan undersøke tilstanden til vraket.

UNIS-studentar ROV

Ved hjelp av små robotar utstyrt med kamera, kan forskarane undersøke funna på havets botn.

Foto: UNIS/NTNU

Store hol i historia

Funna kan nyttast til fleire ting og innanfor fleire fagfelt, både innanfor arkeologi, historie og biologi.

Ødegård trur spesielt at det kalde vatnet i arktiske strøk har gjort at vraket av «Figaro» har heldt seg godt. No er faren at klimaendringane vil føre med seg nye organismar som trivest og som ender opp med å ete opp vrakrestane under vatnet.

Eit skip som går ned er som ein tidskapsel som frys i det skipet går ned, og det fangar akkurat det augeblikket.

Øyvind Ødegård

Kva mister vi viss desse vraka vert borte og aldri funne igjen?

– Det vil vere store hol i historia vår. Dess lengre vi går tilbake i tid, dess meir sparsommelege blir kjeldene. Ikkje berre handlar det om nautisk historie og om skipsteknologien i tidlegare hundreår, men det er også ein sosial dimensjon. Korleis hadde dei det, kva gjorde dei?

ROV-båt på Svalbard-tokt

ROV-båt med studentar og forskarar frå UNIS og NTNU på tokt etter «Figaro».

Foto: UNIS/NTNU

– Dette er berre starten

Sjølv om det er store skip, store havområde, så meiner marinearkeologen at desse vraka på havets botn gjer at ein kjem nært innpå menneske i møtet med den store verda.

– Mange av dei i skipa som gjekk ned kom frå Nederland, England og Frankrike, og dei hadde ikkje mykje grunnlag for å vere klar for Arktis. Dei hadde nok sparsommeleg med utrusting, og drog inn i eit ugjestmildt miljø. Det er stort å sjå spor etter menneske i ei slik setting, seier Ødegård.

Og med ny teknologi og store, tverrfaglege forskingsmiljø, er arkeologen sikker på at fleire slike historier vil bli kjent dei neste åra:

– Målet er at dette skal hjelpe oss å finne fleire funn. Dette er berre starten.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark