Hopp til innhold

Gründer-talent i Troms kan få eiget studie

For å løfte fram unge næringsdrivande i Troms, skal LO no tilby eit studieprogram for gründerar.

Elevbedrift fra Heggen videregående skole

Mia Mathisen, Ingrid Vik, Malin Arntzen, Yvonne Skarvold og Karoline Angell Berntsen frå entreprenørskapsklassen ved Heggen vidaregåande skule representerte Troms på Nasjonal Gründercamp i 2014.

Foto: Kaja Baardsem/UE Troms

Synnøve Søndergaard

VIL HA UNGE GRÜNDERAR: LO vil tilby eit studieprogram for unge gründerar, fortel LO-sekretær i Troms, Synnøve Søndergaard.

Foto: Privat

Entreprenørskap har blitt ei viktig greie i den vidaregåande skulen, med fleire konkurransar der ungdommen får moglegheita til å prøve seg som gründerar.

På Heggen vidaregåande skule i Harstad har dei ein eigen entreprenørskapsklasse.

No jobbar LO med eit heilt studieprogram for gründerar. Programmet skal gå over tre år, med 12 deltakarar kvart år.

– Så snart finansieringa er på plass, startar løpet, seier LO-sekretær i Troms, Synnøve Søndergård.

Ho ser for seg at fleire vil samarbeidet om å få dette studieprogrammet på plass:

– Vi jobbar no på å få på plass finansieringa, både gjennom LO, NHO og kanskje også Sparebanken Nord-Norge går inn her, seier Søndergaard.

Vil nå unge talent

Initiativet om å lage eit ambassadørprogram for unge gründerar kom etter ein konferanse arrangert av Agenda Nord-Norge i Troms i fjor haust. Dette programmet har no LO overtatt eigarskapet til.

– Dette er eit program som er retta mot unge, kommande leiarar. Og da er det viktig å vise verdien av eit organisert arbeidsliv. Og her er LO heilt klart ein viktig aktør, meiner Søndergaard.

Målet er å nå ut til dei som har lyst til å skape eit ekstra løft for Nord-Norge.

– Dette ambassadørprogrammet skal løfte dei unge som er i etableringsfasen. Det er mange unge kunstnarsjeler som har lyst til å vere i landsdelen, og bere landsdelen framover.

4 venninner i Vestre Jakobselv fikk en ide om å lage votter med påsydde reflekser.
Nå skal jentene representere Finnmark under NM for ungdomsbedrifter.
bilder litt kaos - lyd kaos
synk aina
Det er mye som må med når de fire venninnene fra Vestre Jakobselv skal ut å vise frem sin ide:
en tovet ullvott med påsydde reflekser som allerede er blitt en suksess i hjembygda: 
synk- om votten
Flex-UB ble kåret til beste ungdomsbedrift i Finnmark.. og nå er det de små detaljer som må på plass før de skal representere hjemfylket sitt under NM for ungdomsbedrifter i Lillestrøm:
synk. kaja om nådd langt. 
Om lag 12 000 elever i videregående skoler har drevet Ungdomsbedrift dette året. de må starte, drive og avvikle bedriftene selv.
De unge gründerene går første året på videregående skole, og nesten alt arbeid med ullvotten har de gjort utenom skolen: 
synk om skolearbeid
Det skal konkurreres i mange ulike kategorier,og på onsdag kjemper de mot 18 andre om å bli Norges beste ungdomsbedrift:
sluttsynk.

Slik førebudde entreprenørane i Flex UB seg til NM for ungdomsbedrifter i 2014.

Treng millionbeløp

Men det er ikkje småpengar som skal til dersom programmet skal kome i gang. Her er det snakk om millionbeløp som må på plass.

– For ein treårsperiode treng vi mellom seks og åtte millionar kroner, seier Søndergaard.

Snart startar jakta på dei unge talenta.

– Vi skal ha ein utlysningsprosess, og det er derfor LO er engasjert. Vi vil også vere med å påverke slik at det blir mogleg for til dømes unge tillitsvalde å søke på dette programmet, avsluttar LO-sekretæren.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark