Hopp til innhold

Godt sommervêr gav babyboom i april

Dei tilsette på barselavdelinga på UNN i Tromsø hadde nok å henge fingrane i førre veke. Da kom det nemleg 42 nye verdsborgarar!

Jordmødre på UNN Tromsø framfor ei tavle som viser fødselsstatistikk

Gjengen med jordmødrer på barselavdelinga på UNN Tromsø viser fram fødselsstatistikken dei siste vekene. Frå venstre: Kathrine Hågensen, Antigune Abazi, Inger Helene Langås, Kristine Pedersen.

Foto: Jan Fredrik Frantzen

Mellom 14. og 20. april kom det nemleg 42 nye verdsborgarar til verda ved sjukehuset i Tromsø, 25 jenter og 17 gutar.

Det skriv UNN sitt eiget magasin, Pingvinavisa.

– Vi måtte setje på ekstra bemanning, ta i bruk korridorar og daglegstua, i tillegg til å låne rom på andre avdelingar, seier avdelingsjordmor Inger Helene Langås til magasinet.

På det meste var det ni fødslar kvar dag, medan det normalt sett er i overkant av tre fødslar i snitt per dag.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Universitetssykehuset Nord-Norge Tromsø

UNN i Tromsø.

Foto: NRK

Varm fellesferie

Kva er så forklaringa?

Den varme sommaren i fjor, meiner jordmødrene.

For med eit ni månadar langt svangerskap, må ein tilbake til juli for å finne tidspunktet for unnfanginga.

Det gode vêret kan altså vere svaret på korfor det plutseleg er ein babyboom ved UNN i Tromsø – i alle fall om ein skal tru jordmødrene som måtte setje alle klutar til og jobbe på spreng førre veke.

– Og så var det fellesferie. Det pleier også å bidra til normalt sett høge fødselstalet i april, seier avdelingsjordmor Kristine Pedersen til Pingvinavisa.

Harstad og Narvik måtte avlaste

Men sjølv om fødselstala altså pleier å vere høge i april, meiner jordmødrene at det er vanskeleg å planlegge fødslar i forkant. Det har ført til at dei om lag 50 jordmødrene som går i turnus ved barselavdelinga i ishavsbyen har sett inn eit ekstragir den siste tida.

Fødslar skjer ikkje alltid til antatt termindato og det er ulik lengde på fødslar, og dette gjer det vanskeleg å planleggje, fortel Pedersen til avisa.

Det store trykket i Tromsø gjorde at både UNN i Harstad og i Narvik måtte hjelpe til for å avlaste trykket.