Hopp til innhold

Gavmild milliardær blei æresdoktor: – Ein blir litt audmjuk, glad og stolt

Milliardæren Trond Mohn er ein av tre som i dag vert utnemnt til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet. – Ei stor ære, seier den sjenerøse bergensaren.

Æredoktorgrad til Trond Mohn.

Trond Mohn har gitt fleire hundre millionar kroner til forsking i Nord-Norge.

– Ein blir litt audmjuk, glad og stolt, seier Mohn.

Saman med den amerikanske statsvitaren Oran R. Young og forfattaren Laila Stien blir han i dag utnemnt til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Han har tidlegare gitt fleire hundre millionar til forsking i Nord-Norge. Mohn har også gitt mange millionar til Tromsø idrettslag, og vart i går utnemnt til æresmedlem i fotballklubben TIL.

Fascinert av Nord-Norge

Milliardæren har i mange år vore ein stor og sjenerøs givar til ulike mottakarar i Nord-Norge, og seier ønsket om at folk skal bu i heile Noreg har vore ein årsak til velviljen:

– Vi ønsker jo å ha eit spreidd busetnadsmønster i vårt land, og det er ein fin måte å støtte opp om den tanken med å vere raus, fortel Mohn.

– Eg er jo fascinert av menneska som bur her, eit herleg språk, dei er direkte og audmjuke, ærlege og gode menneske, som gjer at det alltid er hyggeleg å vere i Nord-Norge.

Store pengegåver

Rektor ved UiT, Anne Husebekk, er glad for å kunne utnemne Mohn til æresdoktor.

– Det er nokså vanleg på dei andre store universiteta i Noreg at det blir gitt store pengegåver, men det har ikkje vore vanleg i Nord-Norge. Mohn er eineståande, slik sett, meiner Husebekk.

– Forskinga handlar om framtida vår, slår Mohn fast.

Kjem det fleire slike gåver frå deg i åra som kjem?

– Kor julenissen er, det er ikkje godt å seie. Men han kjem alltid, seier han med eit smil.

– Det var originalt tenkt!

Laila Stien vert rekna som ein av Noregs fremste nolevande novelleforfattere.

– Det er ei stor ære og ei stor anerkjenning, så eg vart sjølvsagt frykteleg glad, seier ein stolt Stien.

Stien har tidlegare fått fleire prisar for sitt forfattarskap, men meiner dette er noko heilt eiget.

– Dette kunne eg aldri ha drøymt om. Det betyr noko for skjønnlitteraturen å få bli løfta inn i ein så viktig samanheng. Det var originalt tenkt!, smiler forfattaren.

  • Sjå intervju med æresdoktor Laila Stien:
    Laila Stien har fått æresdoktorgrad

Flere nyheter fra Troms og Finnmark