Hopp til innhold

Fjellheisen stoppa - måtte ta helikopter ned

Ein teknisk feil gjorde at fjellheisen i Tromsø stoppa søndag ettermiddag. Ikkje alle var i form til å ta turen ned til fots.

Arkivfoto av Fjellheisen.
Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Det var eit par cruiseturistar som var dårlege til fots, som vi måtte få eit helikopter til å frakte ned, seier Guttorm Jakobsen, som er dagleg leiar for Fjellheisen, og prosjektleiar for Nye fjellheisen.

Om lag 30 passasjerar blei eskortert ned fjellsida, då gondolbanene stoppa opp.

– Dette skjer frå tid til annan med ein gammal maskin, seier Jakobsen, som gler seg til den nye Fjellheisen skal opnast, om to månader.

Den noverande banen er 53 år gammal, mens no skal nye gondoler, nytt maskineri, nytt kjølesystem og nye båser på plass.