Hopp til innhold

Deler ut minnemedalje til lokalsamfunn

I år skal Regjeringa markere at det er 70 år sidan frigjeringsdagen 8. mai, mellom anna med å dele ut minnemedaljar. I Troms skal det delast ut 21 minnemedaljar.

Mefjordvær på Senja

Lokalsamfunnet på Mefjordvær får Regjeringa sin minnemedalje for heiderleg innsats under 2. verdskrig.

Foto: Werner Harstad (WH), Turistveg

Fylkesmannen i Troms har innvilga 21 søknadar om tildeling av Regjeringa sin minnemedalje for heiderleg innsats under 2. verdskrig. Når det i år er 70 år sidan frigjeringsdagen, er det mange krigsheltar i heile landet som skal ta imot heider i form av ein medalje.

Det er 20 personar i Troms som skal ta imot medalje, og fleire av mottakarane er over 100 år. Den eldste av dei, Arne Berg Eriksen, er fødd i 1913, og er dermed 102 år.

Alle dei som mottar medalje, er i live. Av desse er 19 menn og ei kvinne.

  • Sjå heile oversikta heilt nederst i saka!

Det er fleire kriterium for tildeling av minnemedaljen. Den kan delast ut til norske og utanlandske militære, i tillegg til handelsflåten. Den kan også delast ut til sivile som gjorde ein innsats i motstandsrørsla, haldningskampen eller under farefullt redningsarbeid.

Regjeringens minnemedalje
Foto: Regjeringen.no

Lokalsamfunn får medalje

I tillegg til dei 20 personane som mottar medaljen, får også lokalsamfunnet Mefjordvær på Senja medalje.

– Vi fekk førespurnad frå ordføraren i Berg kommune om heile bygda kunne få minnemedalje, fordi det ikkje er så mange overlevande igjen som opplevde krigshandlingane, fortel Grete Marie Didriksen hos Fylkesmannen i Troms:

– Heile samfunnet stilte opp for å skjule etterretningsagentane. Det var som ein slags dugnad for heile bygda.

Det er kommunane som skal dele ut medaljane i ulike markeringar av frigjeringsdagen, og Troms-kommunane har fleire arrangement for å markere frigjeringsjubileet.

På medaljen står det «Noreg takkar deg for innsatsen 1939 – 1945».

  • Les også: Deler ut flere medaljer nå enn etter krigen
  • Les også: Disse krigsheltene får minnemedalje
  • Sjå oversikt over alle medaljemottakarane her:

    Mottakere av Regjeringens minnemedalje i Troms

    Født

    Navn

    Kommune

    Innsatskategori

    1924

    Robert Eliassen

    Salangen

    Skottlandsbrigaden

    1924

    Johan Kåre Haakstad

    Salangen

    Hjemmestyrkene Troms Innland

    1928

    Egil Heggelund

    Salangen

    Krigsseiler

    1917

    Anker Elverum

    Målselv

    Krigsdeltaker

    1918

    Jan Danielsen

    Målselv (svensk)

    Krigsdeltaker

    1922

    Halvor Dørum

    Målselv

    Forsyningsarbeid Finnmark

    1923

    Roald Kirkeeng

    Målselv (svensk)

    Forsyningsarbeid Finnmark

    1926

    Harald Lundvang

    Målselv

    Flyktninglos

    1925

    Ingebrigt Granheim

    Målselv

    Forsyningsarbeid Finnmark

    1923

    Axel Sneve

    Bardu

    Krigsdeltaker

    1919

    Knut Emil Ross Bendixen

    Bardu

    Krigsseiler og mitraljøsemann

    1919

    Rolf Utby

    Bardu

    Lastebilsjåfør

    1918

    Asbjørn Kristian Livelten

    Bardu

    Krigsdeltaker

    1921

    Oddmund Sundheim

    Bardu

    Krigsdeltaker

    1922

    Bjarne Ingebrigtsen

    Gratangen

    Mannskap på skøyta Avanse fra Gratangen

    1915

    Einar Klaussen

    Balsfjord

    Krigsdeltaker

    -

    Johanna Sandtorv

    Harstad

    Skjulte flyktninger

    1915

    Andreas Wikran

    Tromsø

    Krigsdeltaker

    1913

    Arne Berg Eriksen

    Tromsø

    Motstandsvirksomhet

    1927

    Gudmund Arvid Hansen

    Tromsø

    Reparerte hemmelige radioer

    Bygda Mefjordvær

    Berg

    Ekspander/minimer faktaboks