Hopp til innhold

– Eg brukte musikken for å overleve

Folkemord i Sudan og grusomheitene i Gaza gir inspirasjon til musikk for fire artistar som speler under Music Freedom Day i Harstad i dag.

Khaleb Harara

BRUKER RAP SOM KOMMUNIKASJON: Palestinske Khaled Harara er rapartist, og rappar om situasjonen i sitt heimland. Derfor er han no forfulgt, og er fribymusikar i Göteborg.

Foto: Nils Mehren / NRK

Ein av dei fire musikarane, er Abazar Hamid frå Sudan. Han var den første fribymusikaren i Harstad, som i si rekke var verdas første friby for musikarar som er forfølgt i heimlandet for sine ytringar.

Under Music Freedom Day i Harstad i dag framførte Hamid ein eigen song om folkemord i heimlandet.

– Gjennom song, rap og musikk kan ein få høyre kva som verkeleg skjer, utanom dei «offisielle» sanningane, seier Ole Reitov, ein av folka bak ytringsfridomsorganisasjonen Freemuse.

  • SJÅ OG HØYR FREEDOM MUSIC DAY I HARSTAD:
    Freedom music day ble markert i Harstad 3. mars.

Stor symbolverdi

Det heile vart starta i 2006. Danske Ole Reitov var sjølv ein erfaren journalist, men såg at det var fleire enn berre journalistar og forfattarar som vart forfølgt for sine ytringar og for sitt arbeid.

Music Freedom Day vert markert over heile verda, og er etablert som ein internasjonal dag for å feire ytringsfridomen.

For å sikre artistar på flukt frå sine heimland ein fristad, har fleire byar fått status som friby. Harstad fekk status som friby i 2013.

– Det har stor symbolverdi, meiner Reitov.

– Rappen er mitt våpen

På Høgskulen i Harstad står palestinaren Khaleb Harara framfor eit lydhøyrt publikum. Han rappar raskt og rytmisk, og rappen vert møtt med applaus.

Harara, som er fribymusikar busett i Göteborg, rappar om situasjonen på Gazastripen. Det er der han opphavleg kjem ifrå, og det var Gaza han møtte rømme ifrå.

– Eg brukte rappen for å overleve. Eg starta i 2002, 2003, og starta som tenåring for å sjarmere jentene, fortel Harara og ler.

Rappen vart palestinaren sin måte å kome ut av det han opplevde som eit fengsel på Gazastripen.

– Rappen er mitt våpen, min måte å kommunisere på, spesielt med ungdommen. Det blei min billett til å kome meg vekk, og musikken har gjort at eg no har vener over heile verda.

No bur han langt unna heimlandet, og er takksam for å bu i ein friby for musikarar.

– Göteborg er den beste byen i Sverige, synst eg. Eg er ein heldig mann.