Hopp til innhold

– Skulen må hjelpe borna betre

Lærarar kan for lite om behova til born har vore utsett for omsorgssvikt, meiner foreining for fosterforeldre.

Trist barn

Norsk fosterhjemsforening fryktar at manglande kunnskap gjer at born som vert utsett for omsorgssvikt heime, ikkje blir fanga opp på skulen.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Til dømes fosterborn, som tidlegare har vore utsett for omsorgssvikt, har stor risiko for å få vanskar på skulen, og bli mobba av andre elevar på skulen.

Det seier fylkesleiar Irene Sørensen i Norsk Fosterhjemsforening i Troms.

Ho fryktar også at manglande kunnskap gjer at born som vert utsett for omsorgssvikt heime, ikkje blir fanga opp på skulen.

Stor risiko for vanskar

– Store delar av dagen er borna på skulen, og difor er det så viktig å sikra at dei har ein trygg kvardag der, seier Sørensen.

Ho håpar meir kompetanse på skulane om dei særskilte behova til desse borna.

– Born som har vore utsett for omsorgssvikt har ikkje blitt sett og fylgt opp slik andre born har, fortel Sørensen.

– Difor kan dei kommunisera på måtar det er vanskeleg for andre å forstå, og takle. Dei kan ha vanskar for å knytte seg til folk, og ha unormal åtferd.

Utdanningsforbundet: Stort behov

– Det er viktig at desse borna også får oppleva meistring på skulen, og det må skulen ta på alvor.

Det seier Thomas Nordgård i Utdanningsforbundet i Troms.

Han meiner at det ikkje berre er lærarane sitt ansvar, men alle vaksne som jobbar i skulen, frå rektor til helsesyster til vaktmeister.

– Vi må kunne nok til å sjå desse borna sine særskilte behov, og ikkje minst kunne oppdage og melde frå til barnevernet dersom barnet ikkje har det bra heime, seier Nordgård.

Han meiner det er skuleeigarane, altså kommunane, sitt ansvar å sikra at omsorgssvikt står på dagsordenen i skulen.

KS: Kvar enkelt skule sitt ansvar

KS er interesse-, arbeidsgjevar og medlemsorganisasjonen for kommunesektoren i Noreg.

– Kvart enkelt barn skal bli møtt på best mogleg måte i skulen, så det er viktig at desse borna også blir sett, seier direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide.

Kva vil KS gjera for å sikra at det skjer?

Kunnskapen om kvart enkelt barn fins lokalt, så dette er eit ansvar for kvar enkelt lærar, skule og kommunale tenester, seier Eide.

– Så det er det beste for barnet er at innsatsen blir sett inn lokalt.