Hopp til innhold

– Mange av dei som kjem, har ikkje meir med seg enn det dei har i ein plastpose

Stortingsrepresentant går imot fylkespartiet sitt forslag.

Øyvind Korsberg (Frp) på vei til gruppemøte

Stortingsrepresentant for Troms Frp seier til NRK at han ville ha stemt imot fylkespartiet sitt forslag om at asylsøkjarane må bli fråteke pengar og verdigjenstandar for meir enn 10.000 kroner for å finansiere drifta av asylmottak.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Øyvind Korsberg, som har representert Framstegspartiet på Stortinget sidan 1997, var ikkje til stades på årsmøtet til fylkespartiet i helga, der partiet vedtok ein resolusjon om at asylsøkjarane må bli fråteke pengar og verdigjenstandar for meir enn 10.000 kroner, for å finansiere drifta av asylmottak i behandlingsperioden.

Leiar i Troms Frp, Geir Are Winther, sa søndag til NRK at det er heilt på sin plass å ta verdiar frå asylsøkjarar.

Forslaget har skapt sterke reaksjonar. LO har vore ute og kritisert forslaget.

Stortingsrepresentant Korsberg seier til NRK at han sjølv ville ha stemt imot dette forslaget.

– Rett og slett fordi eg ikkje veit kva som er det gjeldande regimet i dag knytt til den type økonomiske spørsmål. Og så vil eg ha kartlagt om dette er eit reelt stort problem, og i så fall kor stort dette problemet er i omfang, seier han og legg til:

– Ein må også sjå på måten ein mottar sosialstønad på i dag når det gjeld borgarar som bur i landet.

Vil ikkje spå korleis utfallet blir

I tillegg til forslaget om å ta frå asylsøkjarar verdisaker og pengar om verdien overstig 10.000 kroner, vedtok årsmøtet at å forsvinne frå asylmottak må medføre ein stans i behandling av asylsøknaden.

Fleire forslag for å innstramme norsk asylpolitikk blei vedtatt på årsmøtet, noko Korsberg har lagt merke til. Han er likevel usikker på om det er ei reell problemstilling at asylsøkjarane har med seg store verdiar når dei kjem til Norge.

– Slik eg har oppfatta det, er det slik at mange av dei som kjem, har ikkje meir med seg enn det dei har i ein plastpose. At dei har med seg store verdiar, er ukjent for meg. Det er eit spørsmål som eg trur regjeringa eventuelt må greie ut nøye, seier Korsberg.

– Korleis trur du dette forslaget blir mottatt på partiets landsmøte?

– Det skal ikkje eg ha ein spådom om, det får andre svare på.