Hopp til innhold

– Dette er ein gledens dag for lokalsamfunnet

Det herskar eit stort framtidshåp i Longyearbyen etter at regjeringa i kveld avgjorde å kjøpe eigedomar av Store Norske.

Christin Kristoffersen

Lokalstyreleiar på Svalbard, Christin Kristoffersen, er svært nøgd med at Staten reddar Store Norske.

Foto: NRK

– Vi seier oss svært nøgde, særleg med at regjeringa har tatt hjørnesteinsbedrifta på alvor, men også vår situasjon i lokalsamfunnet. Dette er ein gledas dag.

Det seier lokalstyreleiar på Svalbard, Christin Kristoffersen.

Kristoffersen meiner dette skapar ro, både i selskapet og for lokalsamfunnet på øygruppa.

– Dette gir Store Norske ein moglegheit til å klare seg i ein vanskeleg periode, og ein kredibilitet til det arbeidet selskapet har gjort. Det sett eg stor pris på.

Kva betyr dette for lokalsamfunnet?

– Det betyr mykje. Eit lokalsamfunn på 78 grader nord utan ein industriell motor ville ha vore nesten utenkeleg. Derfor har det vore veldig viktig for oss å forklare at ein industriell aktør er uvurderleg for eit lokalsamfunn, som vi er forplikta til å ha.

Kjem de til å bryte lova om flagging for å feire utover natta?

– Eg har vurdert det, men vi skal vel passe oss litt og passe reglane, seier ein lattermild Kristoffersen.

Tru på godkjenninga

Staten går inn for å kjøpe eigendomer for å bevare selskapet, og Kristoffersen medgir at dette kan vere eit svar mot oppkjøp frå utlandet.

– Eg synst det er fornuftig. Det er ei hensiktsmessig løysing, og den tar i vare politikken Noreg har ført i lang tid, og som vidarefører tanken om norsk suverenitet på Svalbard.

Løysinga må godkjennast av Stortinget, men Kristoffersen er optimist og er sikker på at det vil bli godkjent:

– Vi er ikkje avhengige av ei utvikling av Store Norske aleine, men vi er avhengige av ein industriell motor for lokalsamfunnet. No brettar vi opp erma, og vi har fått moglegheita til å arbeide vidare, seier ein stolt lokalstyreleiar.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Svea på Svalbard

Svea på Svalbard

Foto: Idar Nikolaisen

Ser framover

Det er letnad også blant dei tilsette. Dei har vore gjennom store omstillingstiltak for å kutte kostnadar, mellom anna med oppseiingar, der 100 tilsette mista jobben sist haust. No er det berre å sjå framover, seier leiar av gruveklubben, Arild Olsen:

– Dette har vi jobba kjempehardt for, ikkje berre styret, men alle dei tilsette. Dette har dei tilsette og bebuarane verkeleg fortent.

Sjølv om selskapet no får økonomisk hjelp frå regjeringa, er det ikkje tid til å kvile på laurbæra, meiner han.

– No har vi gjort ein jobb for å dra ned kostnadane, men det er mykje som står att – og det trur eg vi skal få til.

Korleis feirar de i kveld?

– Vi har ikkje lagt opp til noko storstilt feiring. Vi er berre letta. Dette gir oss den vesle puffen for å gje oss ei stabil drift i framtida, seier Olsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark