carlsens
16.02 kl. 13:58
14,004 visninger
Velkommen til torget!
Torget er din lokale møteplass. Her kan du publisera stoff frå nærmiljøet ditt. Du kan registrere deg med mobilnummeret ditt i den kommunen du høyrer heime i, og legga ut tekst, bilete, lyd og video.
Vil du kommentere artiklar andre har skrive treng du ikkje vere registrert brukar.
Du kan skriva lesarbrev/blogge om noko som engasjerer deg, idrettslaget kan driva resultatservice, du kan skriva referat frå møtet i husmorlaget, legga ut bilete av nye verdsborgarar, gratulera gode vener på merkedagar, og leggje ut bilete frå bryllaupet ditt.
Du kan også debattera og diskutera i eigen blogg, eller delta i diskusjonen hjå andre brukarar. I kalenderen kan du skapa blest om eit arrangement. Du kan med andre ord bruka sidene til det du vil!
Vi ønskjer samarbeid og innspel frå deg for å gjera den lokale møteplassen endå betre. Kontakt oss dersom du har forslag til korleis vi kan utvikle sidene til det beste for deg og dine behov!
Innhaldet på torget blir kontrollert jmf. NRK sine programreglar.