Student

SØK NO: Sommarjobbtoget går no. Det gjeld å søke på jobben til rett tid.

Foto: Løchen, Per / Scanpix

NAV: – Bruk nettverket ditt for å skaffe deg sommarjobb

SKIEN (NRK): Korleis skal du finne sommarens inntektskjelde? Gjennom vener og familie, seier NAV.

Sommarjobbane blir lagt ut like tidleg kvart år. Men, hugsar hovudmålgruppa – ungdommen – på dette?

NAV var litt usikre på om alle hadde søknadsfristane i bakhovudet, og gjekk denne veka ut med ei oppfordring på Facebook.

– Det er tydeleg at nokon treng påminning. Folk taggar kvarandre og tipsar, så Facebook er ein viktig arena for oss, seier avdelingsdirektør i NAV Telemark, Tone Størseth.

Når det er ti minusgrader ute følast sommarjobben veldig fjern. Men, det er faktisk tida for det no.

Når det gjeld korleis ein skal få seg jobb, forklarar Størseth at langt ifrå alle jobbar blir utlyste på nettet.

– Me anbefaler å bruke nettverket sitt, sidan dei aller fleste jobbar faktisk ikkje blir utlyste. Bruk nettverket til mamma og pappa, høyr med naboen din, eller sjekk ut draumearbeidsstaden din på nettet og trapp opp der med CV-en klar.

– Kvifor er det slik at me må lene oss på nettverk?

– Det er gamal kultur her til lands, at me tilset gjennom vener og kjenningar. Folk me veit lite grann om, seier ho.

Tone Størseth i NAV Telemark gjev tips for å få sommarjobb.

Kva med arbeidsløysa?

Ho peikar også på at det kan vera greitt å kjenne din framtidige arbeidsgjevar med tanke på dei mange krava som kan stillast i utlysingar på nettet.

Tone Størseth

BRUK NETTVERKET DITT: Tone Størseth, avdelingsdirektør i NAV Telemark, rår alle ungdommar til å nytte seg av folk rundt seg for å få sommarjobb.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Mange slit til dømes med å få sommarjobb utan førarkort, og då er dette med nettverk endå viktigare. Nokon av krava til arbeidsgjevar kan vera vanskelege å oppfylle, seier ho.

Så er kanskje ikkje stabling på varelageret i din lokale matbutikk draumejobben. Men, Størseth seier at det er lurt å i det minste late som om den er det.

– Ikkje ver kresen på arbeidsoppgåvene. Gjer det som trengst med eit smil om munnen, og vis stå på-vilje. Då kan det hende dei vil behalde deg, seier ho.

Kva med dei arbeidsledige vaksne?

Arbeidsløysa i oljesektoren blei større og større i fjor. Resulterer dette i arbeidsledige vaksne som utkonkurrerer ungdommen på sommarjobbmarknaden?

– Det er helst skuleungdom og studentar som er interesserte i sommarjobbane, men også folk som er mellom jobbar og treng eit bein innanfor. Dei er det jo blitt fleire av etter kvart, seier Størseth.

Ho trur likevel ikkje at arbeidsløysa kjem til å gå utover sommarjobbane til dei unge.

– Dei som søker etter sommarvikarar ønskjer ofte arbeidskraft som ikkje er faglært, slik at dei kan lære dei opp sjølv. Så eg trur ikkje nødvendigvis at arbeidsledige vaksne går ungdommen i næringa akkurat her, seier Størseth.

Les også: – Nå må vi nok senke krava

Vilde Skilbred og Aurora Strømodden Jerstad

KONTROLL PÅ SITUASJONEN: Vilde Skilbred og Aurora Strømodden Jerstad stressar ikkje med sommarjobb. Vilde har fast helge- og feriejobb, og Aurora har sendt ut søknadar alt.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Det er tidleg

Korleis står det til blant dei unge arbeidssøkarane? Me tok turen til Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien for å sjekke.

– Eg har ikkje hatt tid til å søke enno. Det er så mykje anna å gjera for tida, seier Andreas Melfald (17). Han går på idrettslinja, og ein kan sjå i augo hans at han har blitt mint på noko viktig.

Han summar seg litt.

– Det er tidleg, for viss du då kjem i april og vil ha sommarjobb er det faktisk for seint, seier han.

Og litt til.

– Samstundes så skjønnar eg jo godt at dei vil ha god tid på seg til å finne den rette kandidaten, da. Det er berre kjipt viss ein gløymer å søke så tidleg, seier Melfald.

Andreas Melfald

DÅRLEG TID: Andreas Melfald har ikkje søkt på sommarjobbar enno.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Ut gjennom inngangsdøra på Hjalmar Johansen kjem to unge jenter berande på eit joletre.

– Me går på media. Der er jolepynta klasserom eit krav, seier Aurora Strømodden Jerstad og Vilde Skilbred.

Sjølv om jolepynten har stått framme heilt til no, har dei to jentene allereie teke tak i spørsmålet om sommarjobb.

– Eg har nett søkt. Dei seier at me bør søke så tidleg som mogleg, så difor har eg gjort det alt. Eg lærte i fjor at eg må vera tidleg ute. Då søkte eg i mars, men fekk ingenting, seier Strømodden Jerstad.

Ho seier at søknadsskrivinga som regel går veldig greitt, men at ho slit meir med CV-en.

Nav Aust-Agder

UNDER RADAREN: Dei fleste sommarjobbane går under radaren til NAV. Dei rår difor til å bruke folk du kjenner for å finne ein jobb.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Den er det vanskelegaste synest eg. Det seiest at me må vera personlege, men kor personleg skal ein vera?

Skilbred på si side står på trygg grunn.

– Eg har sommarjobb allereie. Helge- og feriejobben min vil gjerne ha meg om sommaren òg, så det er i boks, seier Skilbred.

Ein jobb på meir fast basis er noko ho kan anbefale andre ungdommar.

– Det er ein fin måte å vera sikra sommarjobb på, seier ho.

Les også: Jobbmesse med nær 1000 jobber

Helsesektoren er overlegen

For å få litt generell informasjon om den årlege sommarjobbmarknaden tok me kontakt med Johannes Sørbø. Han er seniorrådgjevar i NAV, der han jobbar med arbeidsmarknadsanalyse.

– Når det gjeld sommarjobbar går mykje under radaren vår. Difor er det viktig å vera aktiv og ta kontakt sjølv. Både med bedrifter og med folk ein kjenner, seier Sørbø, og bekreftar det kollegaen hans i Telemark fortalde oss.

Men, kva slags jobbar er dei mest populære blant dei som blir lyst ut på NAV.no?

Johannes Sørbø er seniorrådgiver i NAV

SENIORRÅDGJEVAR: Johannes Sørbø jobbar med arbeidsmarknadsanalyse hjå NAV.

Foto: Eivind W. Skifjeld/NAV

– Helse, pleie og omsorg er ganske dominerande. Der fangar me opp klart flest søkarar, både til faglærte og ufaglærte stillingar, seier Sørbø.

Reiselivssektoren er ein klar nummer to.

– No er kronekursen veldig svak, noko som er kjempebra for turistnæringa. Dei tener bra om dagen, og vil trenge mykje folk i sommar, seier han.

Sørbø seier at industristillingane, den sektoren der arbeidsløysa for tida er aller høgast, som regel ikkje blir lyst ut hjå dei.

Difor er det vanskeleg for dei å seie om arbeidsledige vaksne har ein fordel akkurat her.

– I nokon bransjar kan arbeidsløysa ha noko å seie for kva grupper som får sommarjobbane, særleg i oljebransjen sjølvsagt. Og geografisk er det då helst i Rogaland og Hordaland.

Så, kva bør du satse på? Sørbø er klar i sitt svar.

– Helsesektoren er heilt upåverka av arbeidsløysa. Sjukeheimane vil bestandig trenge folk. Og det gjeld då også i sommarvikarstillingar.