Hopp til innhold

Har ingen stad å parkere bilane

Hytteeigarar ved Skinnarbu har ingen plass å parkere etter at vegvesenet fjerna parkeringsplassane.

Hytter ved Skinnarbu

På vinterstid har ikkje hytteeigarane ved Skinnarbu nokon plass å parkere etter at vegstellet fjerna parkeringsplassane for 30–40 år sidan.

Foto: Privat

Hytteeigarar ved Skinnarbu i Tinn har venta i 35 år på at Tinn kommune skal skaffe dei parkeringsplass. Statens vegvesen fjerna parkeringsplassane hytteeigarane hadde ved fylkesveg 37 da vegen blei utvida ein gong på slutten av 70-talet.

For hytteeigar Elisabeth Samuelsen er det frustrerande å møte stadig nye hindringar.

– Dei små parkeringsplassane vi hadde blei fjerna, og vi fekk ingen nye, seier Samuelsen.

Om vinteren forsøker mange å grave seg inn i vegkanten, men der er det heller ikkje lov å lage parkeringsplass.

Parkeringsplass utan veg

Det er ein parkeringsplass langs fylkesvegen ved Møsvatndammen. Men der fekk hytteeigarane beskjed av politiet at det var ulovleg med døgnparkering, og fekk parkeringsbøter.

Elisabeth Samuelsen, hytteeigar ved Skinnarbu

Elisabeth Samuelsen, hytteeigar ved Skinnarbu.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Så i praksis har vi ikkje parkering for bilane våre når vi er på hytta, seier Samuelsen.

Hytteeigarane har fått eit område som er regulert til parkeringsplass i 1980, men dit får dei ikkje lage ny veg.

Samuelsen seier Tinn kommune nekta å bygge veg via innkøyringa til ein bustad.

– Øst-Telemarkens Brugseierforening har fått nei to gonger av vegstellet om å lage veg til dette området, seier Samuelsen.

Parkeringsplass utan veg

Denne plassen har hytteeigarane bruka masse pengar på å opparbeide, men får ikkje bygge veg til den.

Foto: Privat

Vegvesenet har fleire alternativ

På kontoret i Statens vegvesen blar Eivind Gurholt i bunken av dokument i saka, og finn det første dokumentet frå 1977. Vegvesenet opplever at bruken av areal spissar seg til i mange område med gamle og halvgamle hytter.

Eivind Gurholt med dokumentbunke

Eivind Gurholt i Statens vegvesen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det er fleire alternativ for å lage ny avkøyrsel til parkeringsområdet og hyttene, ein av dei er i avkøyrselen til den nye bustaden der, seier Gurholt.

Men for at vegstellet skal kome vidare i sitt arbeid er dei avhengig av planarbeidet i Tinn kommune.

– Ein reguleringsplanen for området er nøkkelen til å kome vidare, seier Gurholt.

Vil bygge fleire hytter og bustader

I Tinn kommune får NRK opplyst at planprosessen går føre seg, men reguleringsplanen er ikkje komen til kommunen enno.

Nicolai Østhus

Nicolai Østhus i Øst-Telemarkens Brugseierforening.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Øst-Telemarkens Brugseierforening engasjerte for eitt år sidan eit firma til å lage ny reguleringsplan for området.

Nicolai Østhus seier at Brugseierforeningen ønskjer å lage ein plan for tjue nye hytter og bustader i området saman med andre grunneigarar.

– Vi ønskjer å utvikle området som eigedom i lag med nabogrunneigarane, seier Østhus.

Og Østhus lovar at planen vil innehalde nye parkeringsplassar.

– Det er ein sjølvsagt føresetnad for planarbeidet at alle hytter skal ha parkeringsplass, seier Østhus.

Her kan du høyre radioinnslaget: