Hopp til innhold

Uventa Venstresving i Vinje

Høgre i Vinje føler seg dolka i ryggen av Venstre, og får ikkje plass i formannskapet etter avtale mellom Ap, Frp og Venstre.

Kommunehuset i Vinje

Kommunehuset i Vinje der det konstituerande kommunestyre tok ei uventa vending.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er altså eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Venstre i Vinje som gav Venstre sin eine kommunestyrerepresentant ein plass i formannskapet.

Høgre, som har tre kommunestyrerepresentantar, får dermed ikkje plass i formannskapet.

– Fekk knivar i ryggen

Bjørn Arne Lindskog frå Høgre reagerer kraftig på dette og føler seg dolka i ryggen av Venstre sin representant Børge Skårdal.

– Vi har hatt mange samtaler på telefonen etter valet om samarbeid. Skårdal tok også initiativ før valet til eit møte der han oppmoda Høgre til samarbeid med Venstre og Frp, seier Lindskog.

Han fortel at heilt fram til siste dagen før kommunestyremøte hadde telefonsamtale med Børge Skårdal.

– Eg høyrde ingenting om det andre samarbeidet som var på veg. Og eg kjenner det som eg fekk knivar i ryggen då dette blei lagt fram. Det er greitt nok at politikarar vil ha posisjonar, men gå over lik for å få ein posisjon i formannskapet, synest eg er å strekke strikken litt for langt. Særleg når Venstre sjølv tok initiativ til samarbeid med Høgre, seier Lindskog.

Måtte halde det hemmeleg

Børge Skårdal i Venstre opplever det som sterke ord frå Høgre, og forstår at Høgre er skuffa. Han innrømmer også at Venstre tok kontakt etter valet med tanke på eit samarbeid med Høgre.

– Venstre hadde sonderingar med alle parti etter valet før konstitueringa av kommunestyret. Målet var å få så gode posisjonar som mogleg, seier Skårdal.

Han fortel at det viste seg å ikkje vere noko å hente hos Senterpartiet og SV eller hos Høgre.

– Det einaste som gav utteljing var eit samarbeid med Frp og Arbeidarpartiet. Vi var nøydde til å halde dette hemmeleg, for elles hadde det samarbeidet truleg falt i fisk, seier Skårdal.

Han seier han er lei for at det skjedde, og at han gjerne skulle hatt med Bjørn Arne Lindskog i samarbeidet.

– Han har god erfaring. Men alle parti søker politisk påverknad, og det gjer også Venstre i Vinje.

Her kan du høyre heile debatten i Telemarksendinga:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark