Hopp til innhold

Bø vann klassequizen

Bø ungdomsskule sitt lag vann klassequizen i Telemarksendinga og skal delta i landsfinalen.

Created by InfoDispatcher

Bø ungdomsskule representert ved Annika Momrak, Eline Nesje og Hans Holte.

Det var laget frå Heddal ungdomsskole og laget frå Bø ungdomsskule som møttest i finalen i klassequizen på NRK Telemarksendinga. Konkurransen blei overført direkte på radio og nett-tv.

Bø vann premien på fem tusen kroner og skal representere Telemark i landsfinalen. Båe laga fekk ein tursekk av NRK Telemark med innhald.

Vinnaren blei kåra etter fire kategoriar med spørsmål. Bø ungdomsskule fekk 14 poeng, og Heddal ungdomsskole 12 poeng.

Det var fylkesordførar Terje Riis Johansen som delte ut premien, ein sjekk på fem tusen kroner til Bø ungdomsskole.

– Det er strålande. Og verkeleg morosamt å sjå samfunnsbevisste og engasjerte ungdomar. Dei har fått med seg mykje, seier Riis Johansen.

Han ville også legge til ei gåve, og kjem til å sende Telemarks historie i posten til vinnarlaget.

Heddal ungdomsskule i klassequizen

Ken Willy Wilhelmsen deler ut premien til Heddal ungdomsskole ved Caroline Kalbekdalen, Ole Jørgen Pedersen og Hans Gunleik Simones.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Les også: Bø og Heddal best i klassen

Tøff konkurranse

I år har spørsmåla i Klassequizen vore eitt hakk vanskelegare enn tidlegare år. I alle fall om ein ser på statistikken. Berre Bø klarte å svare rett svar på alle 12 spørsmåla for å kome til finalen.

NRK Telemarks Ken Willy Wilhelmsen er quizmaster. Han fortel at det er vanskeleg å vite om spørsmåla er for lette eller vanskelege.

– Elevane kan nokon gonger mykje meir enn det vi trur. Men det er heilt sikkert at dei er veldig flinke. Bø ungdomsskole hadde 12 av 12 riktige svar, mens Heddal hadde 10 av 12. Og det blei desse to laga som kom til finalen.

– 10. klassingane er født i 2000. Alt før det er historie for elevane. Det er mogleg vi har klart å gjere det akkurat så vanskeleg som det skal vere.

I beste sendetid

Finalen i Oslo blir vist på tv i beste sendetid. I fjor hadde landsfinalen i Klassequizen 700 000 sjåarar. Truleg blir det like mange i år. Finalen går nemleg som ei oppvarming til den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark