Hopp til innhold

– Ulven har aldri drept så mange sauer

I alt 25 sau og lam er funne drepne av ulv i Telemark sidan juni. Dei drepne sauene er funne i området Tuddal og Hjartdal der det er opna for skadefelling av ulv.

Ulv! Ulv!

Fylkesmannen har registrert 19 sauer og lam som er drepne av ulv i Hjartdal

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Øyvind Fosse har aldri hatt så høge tal i sitt område, men trur likevel skadeomfanget er enda større.

– Det er i ferd med å bli veldig mange. Og eg har også fått melding ein del sau som er skada i området, seier Fosse.

Telemark er ikkje det einaste fylket som er plaga med at ulven drep sau og lam. I Hedmark og Oppland er det nær rekord i rovdyrskader. Og i Trøndelag opplever sauebøndene at rovdyrsituasjonen er ute av kontroll. Sauebøndene i Sogn og Fjordane fryktar ulven kjem dit raskt.

Fann ny død sau

Rovviltkontakt Øyvind Fosse meiner at talet på sau og lam som er drepne av ulven i Telemark er mykje høgare enn det som er registrert.

– Eg har aldri vore borti eit slikt skadeomfang i mitt område. Dette er spesielt i Telemark, seier Fosse.

Måndag kveld blei nok ein død sau funne i Hjartdal. Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Øyvind Fosse seier at kadaveret var ferskt og han trur sauen er drepen same kvelden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulvedrap i Telemark

Denne ulven blei felt i Nome i februar 2013.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ulvejegerar er varsla

No fryktar han at ulven kan ta fleire sauer dei næraste dagane.

– Det kan bli ein del nye døde sauer framover, så det ser ikkje så bra ut for sauen i området.

Fosse har teke kontakt med ulvejegerane i området måndag kveld.

– Eg går ut i frå at det har vore ein del mannskap ute og sett etter ulven i natt, seier Fosse.

Han har ikkje fått noko tilbakemelding, men reknar med at jegerane er ute i området der det er gitt løyve til å skadefelle ulven.

Fem døde sauer fredag

Fredag før helga blei det funne fem sauekadaver mellom Tuddal og Hjartdal som ulven hadde drept. Då var talet på drepne sau kome opp i 18 sauer.

Rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Øyvind Fosse, trur det kan vere snakk om den same ulven som også blei observert i Vrådal tidlegare.

– Det er mogleg. For ingen av dei drepne sauene som blei funne fredag var heilt ferske, seier Fosse.

Det er rovviltkontakten si oppgåve å konstatere om ein sau er drepen av ein ulv eller eit anna rovdyr. Dei døde sauene har ikkje så store skader utvendig.

– Eg må flå dyra for å sjå kor skada dei er blitt av ulven, seier Fosse.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark