Hopp til innhold

Tok noregsrekorden i isbading attende

Ein ny noregsrekord er sett i Porsgrunn i Telemark. Aldri før har så mange isbadet samtidig.

Norsk rekord i isbading

Det vart nok ikkje verdsrekord, men om lag fire hundre isbadarar hoppa i det i Telemark i dag. Video: Stian Wåsjø Simonsen

Dei sette noregsrekorden i isbading i 2012, med 171 badande, som seinare blei slått av fleire. I dag satsa dei friskt på å ta verdsrekorden.

395 isbadere, nokon med nisselue, hev seg i det kalde vatnet på Olavsberget camping i Porsgrunn søndag ettermiddag.

Ein ny noregsrekord var dermed sett. Den gamle rekorden var det 324 badere som stod for i Larvik i februar.

Hadde med telt og badstu

Isbadere i Brevik

Thor Kamfjord og Trygve Bauge håpte eit par tusen menneske hoppa i vatnet i dag. Bauge er frå før verdsrekordhaldar i isbading.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

Desember har så langt vore mild, men det spørst om alle ville dratt på seg bikiniar og badebukser likevel. Klokka 13.15 søndag forsøkte entusiastar frå Brevik i Telemark å samle nok badeglade folk til ein verdsrekord av det kalde slaget.

– Vi har telt med halm, mobile badstuer og alt på plass, seier Thor Kamfjord. Han er ikkje med på at isbading er ein dryg hobby.

– Etter badet er det digg, kroppen blir varm og systemet ditt blir restarta, seier han.

Minst 1800 måtte ut i vatnet

Den noverande noregsrekorden sette Petter Stordalen og vennar ved Farris Bad vinteren 2015 med 324 som bada.

– Den grusar vi glatt, seier arrangør Jan Erik Parr frå Pommery Isbaderklubb.

Den eksisterande verdsrekorden, som dei prøvde å slå, blei sett i Polen i mars 2015. Den er på 1799 personar som bada. Målet for folket i Brevik var 2000 personar som bada.

Det gjekk ikkje heilt. Finteljinga viste at 395 deltok i rekordforsøket. Det vart ny norsk rekord til Telemark. Igjen.