Hopp til innhold

To skadde i ulykke ved Haukelifjell skisenter

To personar er skadde i ei heisulykke ved Haukelifjell skisenter i Vinje i Telemark.

To kvinner skadd i skiheisulykke.

Bilar og personell frå naudetatane og Røde Kors ved Haukelifjell skisenter i Vinje i Telemark, etter at to kvinner vart skadde i ei skiheisulykke laurdag.

Foto: Tone Lutcherath/haugesunds Avis / NTB scanpix

Ulykka skal ha skjedd fordi ein kabel i skitrekket har slite seg, opplyser operasjonsleiar i politiet, Terje Pedersen. Kabelen skal ha falle ned heilt oppe på toppen av bakken og treft to kvinner.

Den eine kvinna er alvorleg skadd. Ho blir frakta til Haukeland med luftambulanse. Den andre kvinna er lettare skadd og blir transportert til sjukehus med ambulanse.

Ulykka skal dreie seg om ein såkalla t-krok, og ikkje ein stolheis, som politiet fyrst opplyste om.

AMK melde ifrå om ulykka klokka 14.31, og naudetatane rykte raskt ut til staden. Det var òg mannskap frå Røde Kors på vakt i anlegget, seier Pedersen.

Dagleg leiar ved skisenteret, Stine Bastlien Vinje, stadfestar at det har skjedd ei ulykke der to personar er skadde, og viser elles til utsegna frå politiet.

Haukelifjell skisenter

Har varsla Arbeidstilsynet

Politiet har vore til stades i anlegget og prata med vitne og driftsansvarleg i skiheisen.

– Vi har varsla Arbeidstilsynet og forsøkt å varsle ulykkesgruppa i Statens jernbanetilsyn, seier Pedersen.

– Er det grunn til å tru at sikkerheita har vore for dårleg?

– Det har eg ikkje grunnlag for å seia noko om. Vi har gjort undersøkingar der vi prøver å finne ut kva som har skjedd, så må nokon andre konkludere når vi er ferdige med arbeidet vårt.

Haukelifjell Skisenter

HAUKELIFJELL SKISENTER: Arkivbilde frå 2016.

Foto: Haukelifjell Skisenter